Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjartan Lauritzen har i dag slept musikkvideoen til «Porno», ein låt frå EP-en Fenomenet som kom ut tidlegare i haust. «Min første pornofilm», skriv rapparen frå Balestrand i Sogn på Facebook-sida si.

Videoen inneheld både butikkran, eksplosjon, politijakt og råning ved fjorden. Erotisk materiale er det derimot lite av, om me ser vekk frå eit sladda pornoblad og Kjartan Lauritzen i bar overkropp. Sjå videoen øvst i saka!

«Å herregud, det er for fett,» skriv Kong Halvor i kommentarfeltet på YouTube, som raskt byrja å fylla seg opp med positive kommentarar.

«savage som faen», skriv nokon, medan ein annan skriv at han «kjenner det i skrittet».

Fenomenet er den tredje EP-en til Lauritzen, eller Per Áki Sigurdsson Kviknes som han eigentleg heiter. Meldaren i P3 trilla terningkast 6 og kalla det årets beste album.

Lauritzen speler på Rockefeller i Oslo 13. oktober og på USF Verftet i Bergen 14. oktober. Begge konsertane er for lengst utselde. 22-åringen er også annonsert til hovudscena på Malakoff rockfestival i Nordfjordeid neste sommar.