Legar i Lom lagar bamsesjukehus til inntekt for TV-aksjonen
Feltsjukehuset tar i mot skrantande bamsar 22. oktober.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Fjuken.
– Har du ein bamse som skrantar, eller er full av sår og skavankar? Er dokka di småsjuk og heng med hovudet? Legane i Lom fiksar det meste! Ta med pasienten din, så blir han frisk som ein fisk på eit lite blunk! inviterer legane.
Ein konsultasjon vil koste 30 kroner, minst – men ettersom alle inntektene skal gå til TV-aksjonen same dag, er det fullt mogleg å betale meir. I år går inntektene til Unicef.
– I venteromskafeen blir det høve til å kjøpe kaffe, te, saft og «någå attåt», til inntekt for TV-aksjonen, sjølvsagt, melder legane.
Bamse- og dokkesjukehuset blir arrangert i regi av Lomsfesten, som skal gå føre seg same helg.
- LES OGSÅ: Bli med til den stolte dialektbygda Lom