Inviterer til felles fest for den nynorske litteraturen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det ville ikkje vore unaturleg for eit forlag som jubilerer, å gje ut ei jubileumsbok. For dei fleste andre institusjonar og verksemder kan det høyrast ut som ei umogleg oppgåve. Men for eit forlag burde vegen vere mykje kortare, med lett tilgang på både skrivande folk og produksjonsapparat.

Men Samlaget har ingen prangande planar om å feire seg sjølve. Rett nok vil det vere ei markering på Det Norske Teatret i april, men noko festskrift blir det ikkje. I staden vel forlaget å feire den nynorske litteraturen generelt.

– Forlaget er uløyseleg knytt til nynorsken, seier administrerande direktør Edmund Austigard.

– Utgangspunktet var ikkje å skipe eit forlag av di det var triveleg å gje ut bøker, men av di språket trong å kome mellom to permar. Sidan det ikkje fanst ein marknad for det nye språket, vart løysinga å lage ein bokklubb der medlemmene plikta seg til å kjøpe det som vart gitt ut. Sjølv om ting har endra seg, så har me framleis same struktur og målsetjing. Me er ein medlemsorganisasjon, eventuelle overskot går til å gje ut meir litteratur, og me har ansvar for at det kjem ut bøker på nynorsk i alle sjangrar. Difor nyttar me jubileet til å auke medvitet om nynorsk litteratur i staden for å feire oss sjølve som institusjon, seier Austigard.

Inviterer til samarbeid

Den største satsinga er ei nynorsk litteraturhistorie skriven av Jan Inge Sørbø. Boka skal trekkje trådar frå Ivar Aasen og heilt fram til 2017. Forlaget fortel at denne vil vere synleg på dei fleste litteraturfestivalane neste år, og Sørbø vil nok også måtta førebu seg på ein del reising.

I mars skal det vere eit «Nasjonalt digitalt lesedøgn» der målet er at flest mogleg, og særleg skuleelevar, skal lese nynorsk i eit eller anna digitalt format. Dette er ein del av den digitale satsinga til forlaget, og vil vere eit samarbeid med Nynorsk Kultursentrum og moglegvis Foreininga !Les.

Den siste stolpen er «Nynorsk Lesefest», som er ei laus samanslutning av tilskipingar der Samlaget gjerne vil ha lokallaga i Mållaget og folkebiblioteka med på ei feiring av den nynorske litteraturen.

– Me håpar på at lokallaga har lyst å vere med på denne feiringa, seier Guro Kvalnes, som er prosjektleiar for jubileet.

– Me veit at mange lag er flinke til skipe til litteraturkveldar og forfattarbesøk, og ber om å få lene oss litt på dei, og eventuelt inspirere andre lag til å gjere noko liknande. Me oppmodar også alle folkebiblioteka til å markere jubileet, og her vil eg tru det er rom for samarbeid, seier Kvalnes.

Ho fortel at forlaget vil i endå større grad enn vanleg kunne stille opp med hjelp til slike tilskipingar, dei vil lage ein del materiell og gje økonomisk tilskot.

Auka medvit

I 2019 skal Noreg få ei særstilling ved den internasjonale bokmessa i Frankfurt. Austigard fortel at det har gjort både han sjølv og forlaget meir medvite på kva særstilling forlaget er i.

– Sjefen for messa fortalde meg at det viktigaste Noreg har å kome med, er språksituasjonen vår, med bokmål, nynorsk og samisk. Måten dette verte handsama på i Noreg, er unikt, med lovgjeving og klåre avtalar og råmer innanfor litteraturen. Ein journalist frå den spanske avisa El Pais vitja oss i fjor, ho skulle i utgangspunktet snakke om barnelitteratur. Men sidan ho var baskar og kjende godt til den katalanske språkkampen, så tykte ho at det var svært interessant å høyre om Ivar Aasen. Men samstundes merkar eg at t.d. Utanriksdepartementet og andre som er involverte i denne Frankfurt-hendinga, manglar ei manglande forståing for dette, seier Austigrad.

Han ynskjer difor å nytte jubileet til å snakke om kvifor nynorsk og nynorsk litteratur er så viktig, og kva han har hatt å seie for samfunnsutviklinga.

– Me skal bli tydelegare på kven me er, og ikkje ta for gitt at folk veit om det. Målrørsla har ein stor informasjonsjobb å gjere, men ingen av oss er i stand til å gjere det åleine. Men kan hende kan Samlaget nytte dette jubileet til å bidra litt, seier Austigard.

Artikkelen stod først på trykk i Norsk Tidend.