Framtida
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslag

Bok: Fange 59. Taterpige Forfattar: Aina Basso Forlag: Det Norske Samlaget 2010.

Mellom leilegheita til Aina Basso (31) og heimen min, ligg Oscar Braatens Plass. Der er det eit vertshus kor Basso og forfattarvenner av henne no og då møtest for ei øl og ein liten prat. Fleire forfattarar liker Vertshuset Oscar Braatens’. Formannen i forfattarforeninga, Anne Oterholm, har visst møte med lesesirkelen sin der. Det seier i alle fall ryktet.

Det er ikkje så rart at forfattarar trivst her på plassen, kor det er høge, staselege lauvtre og låge, freda trehus i Sandakerveien. Oscar Braatens budde i Sandakerveien 12. Han var ein forfattar som verkar å ha vore varm og solidarisk mot dei som var mindre heldige enn han sjølv.

Ein strålande vårdag 2010 sto eg utanfor Oscar Braatens Plass. Temperaturen var ikkje så mykje å skryte av, men heller ikkje noko å syte for. Sola skinte jo, etter nokre strie, kalde vårveker. Det var knoppar på trea, og huda knoppa seg så det grøssa gjennom kroppen. Fryd og gammen, der kom Aina Basso, i den svarte kåpa, med det kvite håret, og sa Men vi kan då ikkje sitte inne i fineveret! Vi tar ein takeaway-kaffi, og så går vi ned til elva eller eitkvart. Sit i sola, sa ho, og bestilte seg ein iskaffi.

Med kaffikoppane i handa, sette vi oss ved ein benk utanfor eit av dei fred husa framfor plassen. Husa er urøyrte sia Oscar Braaten skreiv bøkene om “Hønse-Lovvisa”, og andre arbeidarklasseheltar. Faktiske arbeidarklasseheltar, som kanskje er gjort særleg klåre i minna våre, takka vere Oscar Braaten.

Historiene

Når forfattarar leitar etter sterke fortellinger, går nokre av dei til røynda. Nokre leiter i rom; går gjerne ut av Norge, til område som er meir utfordra på eit sosiologisk og antropologisk plan. Nokre leiter i tid. Aina Basso er ein slik forfattar. Ho leiter i historisk materiale og – arkiv, etter sterke historier. Dei finn ho i Norge. Når ho formidlar dei til meg, gjennom bøkene sine, får eg ei kjensle av å ha reist langt. Eg har ikkje bare reist attende til førre århundre skiftet, og ikkje bare til dalane innanfor, eller til Trondheim. Aina Basso gjer meg interessert og engasjert i historiene sine. Foreløpig er det bare to bøker frå henne. Men med dei har ho overtydd meg om at ho veit vel kor ho skal leite. Ho har også vist at ho har hatt tilgjenge til godt romanmateriale.

Aina Basso er utdanna historikar. Den første boka hennar er ein historisk roman. Historia bak “Ingen Må Vite” fann Basso då ho tok hovudfag ved NTNU. Også den andre boka hennar er ein historisk roman. Stoffet for denne fann ho då ho hadde eit vikariat som arkivar av historisk materiale. Noko av det historiske materialet er inkludert i boka. Innfelt på innsida av omslaget er faksimile frå ein rapport frå “Trondheim Indrettede tugt – og verk-huus”, frå statsarkivet i Trondheim (1735). Løpande i teksten er utdrag frå rapporten.

Historia om Maria Andersdatter

”Fange 59. Taterpige” er ein nesten 250 sider lang historisk roman. Den er skrive i tredjeperson eintal, med ein fortellar som er nesten allvitande, men som først og framst er interessert i, og bryr seg om, ”Maria”. Maria er, i romanen sitt notidsplan, ei søtten år gamal jente. Ho er av romfolkfamilie, og er kommet til Trondheim. Om fortida hennar får vi etterkvart vite at ho har mista far sin, men har kanskje mor og søsken ein annan plass. I Trondheim er Maria aleine. Men kor er dei andre? Korleis kom Maria til Trondheim? Og korleis skal det gå med henne vidare? Dette er nokre av spenningsmomenta i boka. Men det som sett prikkane over i’ane, og som gjer at denne lesaren blar og blar vidare, og ikkje legg boka frå seg før eg er ved slutten, er også små dryp og prikkar av spørsmål innimellom:

Plotting (Ein overordna suspens og spenningsutvikling)

Basso har ei hovudforteljing. Det er historia om Maria. Maria er ein karakter ein roman verdig. Ho har ei historie bak seg, og ei framtid framfor seg. Historia, som ho har bak seg, får vi i små kursiverte perler innimellom hovudhistoria. Det at det faktisk ligg noko under; ei stor fortid med sterke minne, er kjelde både til grøss og fryd. Nokre minne er gode, og nokre triste. Framtida anar eg at det er noko med. På ein nestan Lynchiansk måte klarar Basso å skape ei stemning av at noko er i emning. I alle husa kor Maria bur, er det ei stemning av at noko heng over, eller at noko ligg under. Noko skal skje! Det skal skje noko stort – igjen! Men blir det ei vond hending? Skal Maria, som allereie har vore prøva, få nye slag for baugen?

Basso etablerer Maria som ein sympatisk person, som eg som lesar får empati for. Maria går ut til “nattmannen”, som alle fryktar, og gir han pengar. Når Maria endeleg får bade seg, så tenkjer ho: Eg skulle gjerne hatt to kar: Eit for å vaske underkroppen, og eit for overkroppen. Det er ei blanding av kva Maria tenkjer og korleis ho handlar, som gir meg sympati for henne. Når den er heilt og fullt etablert, så lar Basso Maria møte dei virkelege prøvelsene. Måten ho taklar utfordringane, går inn i bildet mitt av henne. Eg skjønnar også dei gongene ho ikkje taklar utfordringane så godt som ein kanskje skulle ønskt at ein gjorde. Det bassiske prosjektet er eit djupt humant prosjekt, med stor kjærleik og forståing for folk. Det kjem ikkje minst fram i språket hennar, som vi skal komme til straks. Men først litt meir om plotting:

Mindre spenningslommer innanfor hovudplottet

Hovudforteljinga putlar og går, sakte og sikkert. Vekene går. Maria endrar seg. Vi følgjer henne gjennom ei personleg utvikling som følgjer realistiske, og difor relativt langsame linjer. For å halde på lesaren, som Basso altså gjer, har ho lagt inn mikrodrama innanfor det store. Når andre forfattarar gjer det, så kan det bli kalla malstyrt, krim-aktig, eller “typisk for dei store “pageturnarane”. Når Basso gjer det, med sitt språk og sin audmjuke og smakfulle tilnærming, så fungerer det som bare fabel.

Ei slik spenningsboble er ”nattmannen”. Kva er det med ”nattmannen”, kven er han, og kvifor er folk redde for han? Dette blir rulla opp på ei reelt og, for litteratur å vere, litt omvendt vis: Vi rekk bare å bli litt skremt av han, før vi blir kjent med han og får vite at han er grei. Sia møter vi ”folkesnakket” og fordommane, i form av Josefa.

”Prost Fine” får meg til å bli på vakt. Det er noko foruroligande over både han og fru Domprosten. Basso brukar rommet for alt det er verdt for å lokka fram denne stemninga av ”det løynde”. Dører er lukka, folk i einerom og detaljane symboltunge: Dei store, latinske bøkene, cembaloen og gambaviolen, pudderparykken, glasa med vin. Den store stilla som vanlegvis rår huset, og ei kjensle av at ein storm byggar seg opp: Vil Fine Maria vel? Er han mild og god, eller ein djevel under dekke?

Josefa er ein annan slik ”mikrodrama”. Den vesle romansen med ”studenten” bygger opp mot eit enno større drama. Om dét skal eg ikkje seie så mykje meir enn at boka til Basso, alt i alt, er tyngre på tragedie enn på glede. Men det er skrive med ein lettheit som ein “matter of fact’ness” som gjer det godt å lese. Godt er det også å lese, når ein bur i eit Norge som boomar både økonomisk og kulturelt. Eg har godt av å bli minna om at tider skifter, og at ein skal ikkje så langt bort, verken i tid eller geografi, før ein møter samfunn som har mykje mykje større forskjell enn her, no.

Formidling av historiene:

Basso har ein evne til å plassere “historiske fakta” på ein uanstrengt måte. Før eg veit ordet av det, har eg lært noko om det å vere sigøynar, og trondheimsfolk sitt syn på dei:

Korleis er det å vere fark?

Kva meiner du?

Nei, eg berre. Korleis lever de, eigentleg? De har jo ikkje nokon stad å bu. Fer berre rundt heile tida, med vognene dykkar og alt saman, frå bygd til bygd. Det må vel vere slitsamt?

Nei, slitsamt? Korfor det?

Nei, å gå og gå heile tida. Eg har sett dykk langs vegane. Slitne kjerringar og subbande mannfolk. Ungar som skrik. Ikkje hadde eg orka å reise på den måten!

Det treng du då heller ikkje.

Eg meiner ikkje noko gale altså. Eg har ikkje noko i mot farkar, eg, som visse andre. Du. Josefa stryk henne på armen. – Ikkje bli sur, då.

Kontrasten mellom å vere innfødd trondheimsjente, og det å vere “sigøynar”, sagt i ein enkelt, lettseld dialog. Eg kjøper heile greia, eg. Og kvifor gjer eg det? Kva er det med historia som fangar meg, og språket som vekker tillit?

Språket og bygging av karakter og miljø

Basso styrar unna flosklene – ved å bruke dei. Ho legg dei i munnen på ”studenten”, og gjer han til ein ytterlegare romantiserande og kanskje valdsam og pompøs mann som ”kjærleiken mellom mann og kvinne”, og vil ha henne til å smake på vinen. Prikk, prikk, prikk!

Men mest av alt er slike språklege vendinger ein tidsmarkør, og eit signal om sosial klasse. Det skapar eit brot med det meir nøkterne og enkle språkbildet elles i boka.

Basso har også konkrete tidsmarkørar i teksten. Her er hester og kjerrer, tung parfyme og lukta av kloakk. Markørane er ikkje så mange at dei står i vegen for lesinga, eller tar over der kor hjartesaker og menneskelege tema skal ha plass.

Nokre skildringer bygger opp under stereotypar som eg ber med meg: Om stive, støvete prestar og lett forførbare tenestejenter. Kanskje er dette også med rette. Det er nærliggande å tenkje det. Fordi det er nærliggande å tenkje det, ønsker eg kanskje at Basso utfordra meg på det. Kanskje med å velge å gi andre karakterar ytterlegare karakter, kompleksitet og fasettar. Nattmannen, til dømes, skulle eg gjerne hatt litt meir lys over.

Arbeidarplassen

Oscar Braaten (1881-1939) skreiv nyrealistisk, og ikkje historisk. Han skildra dei faktiske miljøa kring karakterane hans. Dette området ved Akerselva, kor arbeidarklassen budde og jobba, er eit av miljøa ein finn i bøkene hans. Når eg sett han i samband med Basso, så er det dels tilfeldig – fordi det er der, ved OBP,  at vi heng ut i lag. Det er også fordi eg merker ei varme og medmenneskelegheit i måtane dei skriv på.

Det kan vi takke Oscar Braaten for, tenkte eg, mens eg drakk kaffi med Aina Basso,  som har sunge og spelt sia ho var lita, var den heite frontfiguren I eit giskeband frå ho var fjorten, og som no brenn for sterke historier og folk som har vore urettvist behandla. Slik kan Basso drikke iste, utandørs, ein småkald dag i mai.

Eg visste ikkje då at eg skulle sitte her, no, og skrive om hendinga. Akkurat då var eg i sola. Den stakk strålane sine forsiktig mot kinna mine. Eg lukka augene. Praten heldt fram likevel. Vi satt jo uansett ved sia av kvarandre, og såg rett fram, mot vertshuset framfor oss.

Og no då, sa eg:

Kva skal du etterpå?

Eg skal vel heim og skrive, sa Basso.

Er det langt att før det blir bok, spurde eg.

Det er kanskje eitt halvt år sia vi skreiv intensjonsavtala om utgiving. Eg vil tru at den er ferdig snart. Endeleg, sa Basso. Å skrive historiske romanar er hardt arbeid på ein annan måte enn fiksjon. Eg vil tru at forfattaren kjenner eit ansvar for den som historia er grunna på. ”Maria”. Gjennom Basso har eg blitt glad i den jenta. Det betyr at eg også har blitt glad i menneskesynet til Basso: Om jenta kjente ting slik som Basso har skrive, om ho har tenkt dei tankane som Basso har gitt ho, det er heilt likegyldig. På omslaget står det ”roman”. Roman er ”når ein person, som lesaren har fått sympati med, går ut i verda, møter motstand, taklar motstanden. Mellom anna.

I tillegg til å vere ein aktiv og godt likt bokbloggar, er ho i redaksjonsrådet for Allkunne: Eit nynorskleksikon på nett. Er du overtydd no? Har eg no fått deg til å ville lese Basso?

Debuterer som forfattar for vaksne

”Based on a true story” får merksemda til denne lesaren. ”Sjangernemninger” har elles fart så som så med Basso. Det heiter seg at ho debuterte som forfattar denne hausten. I tidsrekninga mi, debuterte Basso som forfattar i 2008, med Ingen Må Vite. Den er ei bok som bør lesast av unge så vel som gamle vaksne. Hovudpersonen i boka er ein ungdom. Men det gjer boka til ei ungdomsbok – og så mykje meir.

Dessutan debuterer ein vel som forfattar, i aller største grad, når ein klarar å skrive for barn og ungdom. For å seie det med leiar i NBU, Sverre Henmo, då han presenterte barne-og ungdomsbokforfattarar under opninga av NBI sin dramatikarutdanning i haust: Ho (ein av forfattarane) skreiv tre romanar for vaksne. I 2005 begynte ho å skrive skikkelege bøker. Altså: Bøker for barn og ungdom.

Så går vi, kastar pappkrusa i søppeldunken ved vertshuset, og går heim til dei møblerte leilegheitene våre. Kaffi, sol, samtale, livet i Oslo byr ikkje alltid på dei store ytre kampane. Det er godt at vi har historikarar og journalistar til å hente forteljingar frå andre rom og tider. Men det er ikkje nok å ha historiene. Dei skal også bli formidla. Og kva er det med språket til Basso som gjer at eg høyrer på henne?

Stort sett er skildringene til Basso enkle, og difor med poetisk kraft. Ho fokuserer på det djupt menneskelege i alle scener og høve: Korleis kjennest det å ”aldri” få bada seg heilt rein? Korleis kjennes det å kome innpå ”fattigfolket” igjen, når ho er tatt inn i varma frå prosten, og er både velfødd og rein? Korleis er det å bli varta opp av den finaste mannen i byen, når ho har kjent seg stygg og utstøytt?

Det er skildra med forsiktig innsikt og innleving, og smakfullt språk. Basso held ei realistisk linje med språket sitt. Der kor ho har litterære bilde, er dei sjeldan metaforar. Her og der er det kuriøse og poetiske ord og vendingar, som “Hemmeleghuset”. Dette flotte ordet holdt på å gå i glemmeboka (i Kristian Kristiansen sine historiske romanar om Trondheim, som kom ut på 1950-60-talet), men som Basso har plukka opp, og gitt nytt liv. Nytt liv kan ein trygt seie at ho har gitt til andre historier om dei reisande. Basso har site på Nasjonalbiblioteket og funne historier, som at kvinnene hadde verdisaker i pungar under skjørtet. Når Basso sett denne historia i samband med at Maria blir forført, så kan ein trygt seie at den får ei utvida betydning. Og særleg fordi Basso skildrar så godt verdien som ligg i skjørte-pungen, og kor bluferdige dei er: No ja, de får løyne meg, Lena, Maria./ Ho vinkar dei nærare, stiller seg med ryggen til plassen og dreg opp det ytste skjørtet, fiskar fram den vesle posen med verdisaker ho har festa rundt midja. (s. 208)

Eg kjøper denne historia eg, som den står, der den står. Eg er sjølvsagt affektert og påverka av det at eg kjenner Basso, og veit at ho er etteretteleg og respektfull i andre sider av livet også, ikkje bare litteraturen. Så, er eg ein upåliteleg bokskribent? Kan du, som lesar er, stole på dette essayet? For tryggleiks skuld, så tar eg, fire månadar etter iskaffien på Oscar Braatens, kontakt med Basso, gjer eit miniintervju, og lar deg få det, usensurert:

Miniintervju med Basso

MK: Kva får ei sunnmørsjente som deg til å fange interesse for “taterjenta” Maria?

AB: Eg trur grunnen ligg lenger tilbake i tid, til den gongen eg var ein 24-åring frå Giske på Sunnmøre og fann Maria i fangeprotokollen til Tukthuset i Trondheim. Eg blei fascinert av historia hennar, kva som låg bak og under og mellom desse få, tørre linjene. Korfor sat ei ung ‘taterpige’ i Tukthuset? Kva hadde ho gjort? Korleis levde ho og kven var ho? Eg leika med tanken på å skrive om henne, og andre reisande, i masteroppgåva mi i historie, men det blei ikkje til at eg gjorde det, delvis grunna den vanskelege kjeldesituasjonen. Det finst lite stoff om denne folkegruppa så langt tilbake i tid. Slik passar det kanskje betre inn i ein roman, der ein trass alt får lov til å dikte til litt.

MK: Kva var det med akkurat hennar historie som motiverte deg til det store arbeidet som romanskriving er?

AB: Dei reisande si historie har vore i fokus innan arkiv- og museumsverda dei siste åra. Eg sat på eit historieseminar og høyrte om ei vandreutstilling som tek føre seg reisande langs kysten på 1900-talet og plutseleg datt Maria ned i hovudet på meg. Eg skjønte at her var det stoff, her var noko som både kjendest viktig å utforske og interessant nok til å skrive ei bok om.

MK: Og kva fekk det til å velge historiefaget, i utgangspunktet?

AB: Det var tilfeldig. Eg likte ikkje eingong historie før eg byrja på universitetet, fordi eg ikkje ante kva det var, kor omfangsrikt og mangefasettert dette faget er, at det kan innehalde alt ein sjølv vil putte inn i det. Alt blir historie så fort du blunkar.

MK: Kva material hadde du som gav deg tilgjenge til detaljar om Maria – om korleis ho tenkjer og erfarar dei tinga som skjer henne?

AB: Måten ho tenker og erfarer på er ein kombinasjon av mine eigne idear om korleis eg sjølv, om eg var henne, ville tenkt og erfart, og forsøk på å erverve meg kunnskap om kulturen ho var fødd inn i, dei markørane som utgjorde hennar verd, dei kunnskapane ho truleg hadde, kort sagt hennar horisont kombinert med hennar personlegdom. Eg har lese mykje, eg er i utgangspunktet 1700-talshistorikar og har ein del kunnskap i botn som eg kan bruke, men eg har òg lese bøker og artiklar om reisande, både av ny og gammal dato. Eg har forsøkt å lære noko om mentaliteten til eit folk, om ein kan seie at slikt finst, og samtidig bestemt meg for kva slags individ Maria er og kva hennar eigenart består av.