Framtida
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mitt fyrste møte med Laurie Anderson var gjennom den mest kjente songen hennar O superman. Det var noko med stemma, gjentakinga, så enkelt og samstundes på grensa til ubehageleg å høyra på. Som om det ikkje kom til å stoppa. Suggererande trakk ho meg mot seg og det var så tydeleg at her var det nokon som ville meg noko, nokon som ikkje kom til å la meg gå med det fyrste. Det gjorde ho ikkje heller, utfrå denne eine songen opna det seg eit heilt univers av lyd, tekst og bilete.

Fram til ho laga O Superman i 1981 hadde Laurie Anderson vore ein undergrunns perfomance-kunstnar i New York. Eit av dei tidlege arbeida hennar heiter Duets on ice. Under denne framføringa hadde ho på seg skøyter som var fastfrosne i ei isblokk medan ho spela duett med eit opptak av seg sjølv på fiolin. Konserten tok fyrst slutt når isen var smelta vekk.

Ho hadde ingen planar om å bli vidgjeten med ein song på toppen av hitlistene. Då ho spela inn O supermann trykka ho opp 1000 eksemplar av singelen og tok seg av tingingane sjølv. Men noko skjedde, verda likte songen så godt at det brått kom telefonar frå England med tingingar på 40 000 eksemplar. Ho fortel slik i eit intervju med avisa People om korleis ho fyrst ikkje ville signera nokon platekontrakt sjølv om ho fekk tilbodet:

“Eg hadde aldri lyst å signera. Eg tenkte at plater var popkultur, og eg var ein snobb. Men no hadde eg alle desse tingingane, og eg kunne ikkje slikka så mange frimerker.”

Det blei platekontrakt på Laurie og det blei fleire platar etter kvart, om ingen hitsong like stor som O superman. Det er nok fyrst og fremst eit teikn på at Laurie aldri blei ein kommersiell kunstnar og musikar i den forstand at ho byrja å skapa for å tena mest mogleg pengar. Ho haldt fram sitt eige løp på eigne premissar, og så fekk heller folk lika eller mislika som dei gjorde.

Laurie sitt liv og virke let seg ikkje lett oppsummera, ho har gjort så mykje. Gitt ut bøker og cd’ar, reist rundt med store multimediashow og andre konsertar og hatt mange utstillingar. Det fyrste albumet kom for snart tretti år sidan og det siste i fjor.

Det er heilt tydeleg at ho har handla i verda utfrå at ho kan gjera det ho vil, det som trengst, det som må til. Det er ikkje avgrensingas kunst ho meistrar, men fridomens. Om nokon spør ho om ho kan laga ein lydhage i Sveits svarar ho: Ja, eg vil laga nokre syngjande tre. Fyrst etterpå kjem spørsmåla om korleis ein lagar eit syngjande tre. Slik blir ideeane verkelege, slik blir oppfinningar til og slik kjem kunsten til Laurie Anderson inn i verda, gjennom mot til å ikkje vita frå starten av og styrke til å finna ut undervegs.

Det finst ei stor blå bok som rett og slett heiter Laurie Anderson. På biletet på framsida har ho på seg lysande briller, ho ser ut som ho er på besøk frå ein annan planet. Brillene kallar ho Hovudlysbriller. Eit anna par briller ho har brukt på førestillingar er dei mørke lyydbrillene som har ein kontaktmikrofon festa slik at han står mot nasen. Om ho banka på hovudet når ho hadde dei på laga det lyden av eit stort rungande rom og om ho klikka med tennene høyrtest det ut som ei gigantisk dør som blir slått igjen.

På eit fotografi har ho på seg ein kvit vid kjole som ho brukte på nokre førestillingar. Då blei det vist film på kjolen medan ho spelte fiolin og fortalde historier. Ho slår seg ikkje til ro med å vera utøvar, men omskaper seg sjølv både til filmlerret og instrument. Også sin eigen stemme endrar ho  gjennom elektroniske instrument slik at ho kan vera både kvinne og mann, både menneske og robot.
Det er noko grenselaust i kunsten og musikken hennar, samstundes som ein kan sjå det som ei utforsking av nettopp kor grensene går.

Tittelen på ein av songane til Laurie Anderson er eit sitat av forfattaren William Burroughs: Language is a virus from outer space. Om språket er eit slikt virus er det nok ein uhelbredeleg sjukdom og me er alle smitta. Nokon medisin kan Laurie Anderson i så fall ikkje tilby, men gjennom å strekkja språket og lydane i det i alle retningar, gjennom å kjempa mot det og omfamna det, tvinga meining fram og leika med det meiningslause syner ho noko av det språk er og kan vera. Samstundes som ho ikkje etterlet oss med tydelege svar, heller fleire spørsmål og ei kjensle av at noko anna enn det som er her og no også er mogleg.