Tidsavgrensa litteratur
Er det flaut å lese ungdomsbøker etter at ein har begynt på vidaregåande? Eller er det heilt greitt å lese ungdomslitteratur heile livet? I denne reportasjen spør vi om når ein eigentleg skal ta det store spranget: Frå ungdomsbøkene og inn i dei vaksne sine rekker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Då eg var 13-14 år kjente eg at no var det nok svenske ungdomsromanar med småklining og tyggislukt i klasserommet, no ville eg ha tak i kva vaksenlivet gjekk i. Og same kor stort og komplisert det var, ville eg forstå, eg var svolten på å forstå eit eller anna. Eg høyrde så vidt på Cohen også på den tida, forstod lite, likte det nettopp derfor.
Slik forklarar forfattar Bjørn Sortland sin eigen overgang frå ungdomsbøkene til vaksenlitteraturen. Han har skrive ei rekke bøker både for barn, ungdom og vaksne. Si første vaksenbok fann han på biblioteket:
– Eg gjekk over i vaksenavdelinga og lånte den mest mystiske, tjukke romanen eg fann. Den var utan baksidetekst, var i den kvite Vita-serien til Gyldendal. Romanen heitte G, og var skriven av John Berger, fortel han.
– Eg forstod lite, og syntes det var knall. Men eg sansa at her var det mykje å hente. Sjølv om han ikkje blei min mann fullt og heilt på den tida, var det der det begynte, trur eg.
Bestialsk 9-åring
– Fantasylesarane må fort over på vaksenbøkene. Dei les ofte så mykje at dei raskt har lese alt som finst for ungdom innan sjangeren.
Det seier Rannveig Gjerde, som er bibliotekar ved Torshov-biblioteket i Oslo.
– Det same gjeld dei som vil ha krim. Ungdomsskuleelevar som spør etter det, viser eg direkte til vaksenhyllene, seier Gjerde.
Ho jobbar dagleg med ungdom sine lesevaner, og ser korleis dei fleste elevane som er innom biblioteket sakte beveger seg inn i vaksenavdelinga i løpet av 10.klasse. Men nokon begynner å lese vaksenbøker tidlegare enn andre.
Forfattar Linde Hagerup seier i eit intervju at ho las Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe allereie som niåring. Sjølv hugsar eg korleis eg ikkje heilt turte å snike meg inn mellom vaksenhyllene på biblioteket då eg var 11, fordi eg trudde det var aldersgrense på å få lånt bøker derfrå.
Og sjølv etter at eg som 13-åring hadde slukt Lars Saabye Christensens Beatles og lese Hvite niggere av Ingvar Ambjørnsen bortimot fire gongar, heldt eg fram med å oppsøke ungdomsavdelinga frå tid til anna, og nesten i skjul låne med meg ungdomsbøker.
For plutseleg var det ungdomsbøkene som kjendes ulovlege: Fordi eg hadde kryssa over til vaksenbøkene, og med eitt kjende meg for gamal til å lese bøker med jamaldringar som hovudperson.
Sluker krim
– Eg har alltid lese vaksenbøker. På biblioteket er det ikkje så mange ungdomsbøker som tiltaler meg, seier Maria Brudal Gjerstad (15) frå Oslo.
– Men det var først då eg var rundt 12 at eg for alvor begynte å lese mykje vaksenbøker, held ho fram.
Maria omtalar seg sjølv som ei som les enormt mykje, og som elskar å lese. Helst tjukke krimbøker. Blant anna har ho nettopp slukt Stieg Larssons Millennium-triologi i eitt stort jafs.
Veslesøster Marte Brudal Gjerstad (13) fortel at Maria sat oppe ei heil natt for å lese ferdig den første av dei tre bøkene. Sjølv les Marte framleis flest ungdomsbøker, men ho har lagt sin elsk på Shopoholiker-bøkene til Sophie Kinsella.
Føretrekk vaksenbøker
Maria og Marte kjenner ikkje igjen redsla for å begynne å lese bøker som ikkje er for deira målgruppe. Men er det andre som har kjent på det same?
– Ja, det er kanskje ein del som har ei psykologisk sperre mot å gå inn i vaksenavdelinga, seier Rannveig Gjerde.
Likevel trur ho skrekken for vaksenbøkene er meir eit unnatak enn ein regel. Ho fortel at det alltid er ein god del av elevane frå ungdomsskulane i bydelen som heller vil gå i vaksenavdelinga enn å finne ungdomsbøker å låne.
Det gjeld både dei som allereie har lese mykje, dei som ikkje finn noko interessant blant ungdomsbøkene, eller som rett og slett er litt bråmodne.
Frå juniordisko til vaksenbøker
– Pappa las dei svenske krimforfattarane Sjöwahl og Wahlö for meg frå elleveårsalderen, og ikkje lenge etter begynte eg sjølv å lese vaksenbøker, fortel forfattar Endre Lund Eriksen, som nettopp har gitt ut ungdomsromanen Super.
– Eg hadde hatt ein periode då eg ikkje las noko særleg og heller brukte tida på fornuftige ting, som jenter og juniordisko. Men så følte eg at eg burde begynne å lese igjen, at eg måtte komme i gang igjen. Og då blei det vaksenbøker eg først og fremst gjekk etter.
– Kvifor gjekk du over frå ungdomsbøker til vaksenbøker?
– Eg ville ikkje vere drittunge lenger, eg følte meg nesten som vaksen og var klar for vaksenlivet, i alle fall i bøker, og på film. Som fjortenåring syntes eg det var mykje kulare å lese Ulysses av James Joyce enn ein ungdomsroman av Elin Brodin. Men eg var nok litt snobbete. Om eg skal vere heilt ærleg hadde eg mykje meir glede av Alle dei fine jentene av Rune Belsvik enn av nyreetinga i Ulysses.
Gutar les meir vaksenlitteratur
Ei undersøking som biblioteka i Noreg gjennomførte for nokre år sidan, kalla Fritt val, viste at ungdom bryr seg lite om kva aldersgruppe bøkene er mynta på, men at dei låner alt frå småbarnsbøker til avanserte fagbøker og skjønnlitteratur for vaksne.
Bøker som er skrivne og marknadsført for ungdom utgjer berre omtrent ti prosent av det ungdom låner.
Undersøkinga viste også at gutar begynner tidlegare med å lese vaksenbøker enn jenter. Medan 52 prosent av jentene mellom 15 og 17 las skjønnlitteratur for vaksne, var det tilsvarande talet for gutar 64 prosent.
Andreas Thune (16) frå Oslo er med på å halde oppe prosenten. Sjølv om han framleis les ungdomsbøker, har det blitt mest vaksenbøker det siste året.
– Det går mest i fantasy og science fiction, fortel han.
– Sjangrar der det kanskje ikkje er så stort skilje mellom ungdoms- og vaksenlitteratur?
– Det er sant. Men eg synst at ungdomsbøkene kan være litt dårlegare, meiner han.
Overgangsbøkene
Når ein les portrettintervju med forfattarar, får ein ofte inntrykk av at den tidlegare nemnde trilogien Bestialitetens historie av Bjørneboe har blitt lese av eit stort fleirtal i ung alder.
Nokre forfattarar er riktig nok såpass ærlege at dei innrømmer å ikkje ha lese den før slutten av vidaregåande, men dei påpeikar gjerne at den då gjorde eit usletteleg inntrykk. Men er det nokre bøker som skil seg ut blant dei første vaksenbøkene for ungdom?
– Det varierer litt. Fantasy er jo aldersoppheva, så der snakkar vi ikkje om noko skilje mellom ungdom og vaksen, seier bibliotekar Gjerde.
– Jan Guillou sine bøker om Arn er typisk overgangslitteratur. Det same er Conn Igulden sin serie med historiske bøker, som vi opplever stor interesse rundt om dagen, legg ho til.
– Og dessutan har vi oppvekstbøkene, som Tore Renbergs Kompani Orheim og Beatles av Lars Saabye Christensen. Dei er det mange som les tidleg.
Udefinerbart
Men kvar går eigentleg grensa mellom ungdoms- og vaksenbøker? Er det mogleg å definere ei ungdomsbok?
– Nei, det er det ikkje, meiner Toril Bang Lancelot, som er avdelingsleiar for barne- og ungdomsavdelinga ved Deichmanske sitt hovudbibliotek i Oslo sentrum.
– Unge lesarar er akkurat like forskjellige som vaksne. Men dersom ein skal prøve seg på ein definisjon, kan ein vel seie at det er bøker der forfattaren prøver å vere solidarisk med ungdommen, med ei handling unge lesarar kan identifisere seg med, seier ho.
Endre Lund Eriksen, som både har vaksen- og ungdombøker på lista over utgitte bøker, meiner ungdom er meir utolmodige lesarar enn vaksne.
– Vaksne les gjerne ferdig ei bok viss dei først har begynt på den, mens ungdom hiv den frå seg viss dei ikkje likar den, seier han.
– Eg hugsar at eg var på jakt etter gjenkjenning og erkjenning då eg las bøker i ungdomstida. Eg ville at bøker skulle seie meg noko klokt om livet og meg sjølv, legg han til.
Sluttar aldri
Sjølv om både bibliotekar Bang Lancelot og bibliotekar Gjerde meiner dei fleste lesarar tek det store steget over til vaksenbøkene rundt 10.klasse, gjeld dette langt frå alle.
– Eg veit ikkje heilt om eg kan svare på når eg slutta å lese ungdomsbøker. For eg har vel aldri heilt slutta med det, seier Hanne Solvold Sund (22) frå Verdal i Nord-Trøndelag.
– Så det var aldri nokon tydeleg overgang, legg ho til.
Og journalisten kan glatt innrømme at det same gjeld meg sjølv. Men fordommane mot ungdomsbøker er mange.
– Er ungdomsbøkene undervurdert som litteratur? Spør eg Rannveig Gjerde.
– Ja, eg trur i grunn det. I vaksenavdelinga har vi ei hylle med anbefalingar, og vi er bevisste på å setje ut ungdomsbøker der viss vi trur dei kan vere av interesse for vaksne, seier ho.
– For det er ikkje mange vaksne lesarar som går bort til ungdomshyllene for å kikke. Og ein må for all del ikkje påpeike for vaksne at boka dei er i ferd med å låne, er ei ungdomsbok. Då vil dei fleste setje boka tilbake, sjølv om veldig mange ungdomsbøker både kan og bør lesast av alle, uansett alder.