Sogn og Fjordane og Hordaland blir slegne saman frå 2020. Men grunnlova gjer til at ein truleg må halde val etter dei gamle grensene fram til 2025.
NPK
NPK

Det er nemleg nedfelt i Grunnlova at Noreg skal ha 19 valdistrikt. Skal Grunnlova endrast må det handsamast i to ulike storting, skriv NRK.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på vallova. Dei skal vere ferdige med arbeidet sitt i 2019. Dermed kan det tidlegast bli felles stortingsval i 2025.

LES OGSÅ:Utvalet som skal foreslå ny vallov er snart i sving

– Vi veit framleis ikkje kva som blir resultatet. Det er slett ikkje sikkert at valdistrikta vil følgje dei nye regionane. Kanskje held vi på dei gamle valdistrikta. Det veit vi ikkje no, seier professor og valekspert Bernt Aardal, som og sit i vallovutvalet, til NRK.

Oppdatert: torsdag 14. september 2017 11.30

LES OGSÅ

ANNONSE