Gandalf på finsk

Kalevala er et helteepos som har grunnlag i finsk folklore av den finske folkelivsforskaren og legen Elias Lönnrot, utgjeve i sin mest kjende og fullstendige versjon i 1849. Dette er den første komplette norske gjendiktinga av eposet. Den er skriven på det originale versemålet til Lönnrot og er ei trufast attgjeving av innhaldet.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 13.09.2017 23:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eposet fortel om ei verd der det overnaturlege er det naturlege. Hovudpersonen Väinämöinen var fødd med ekstrem visdom og strevar etter lukke og velstand for seg og folket sitt i landet Kalevala. Han blir ofte kalla den evige skalden. Det er jakta på ei kone for seg sjølv som leiar han og landet sitt inn i konflikt med den mørke nordlege naboen Pohjola og deira trollkvinne Louhi. Dette fører til skapinga av, og krangel om eigarskapet til, den magiske kverna Sampo.  Vove inn i denne rammeforteljinga er mange gamle songar om andre heltar og deira eventyr, eventyrlege reiser over land og vatn, tvikampar i trolldom og storslegne gjestebod. Den nordiske naturen spelar inn med djupe skogar, der overnaturlege vesen lever side om side med dyra.

Vainamoinen har vorte kalla ein av verdas største heltar gjennom alle tider og har òg vore rekna som hovudinspirasjonskjelda Tolkien hadde då han fann opp Gandalf og Tom Bombadil i Ringdrotten.

LES OGSÅ: Sjetteklassingar og dragar

Mikael Holmberg er forfattar, illustratør og redaktør, fødd 1961 i Åbo, Finland, og busett i Norge sidan 1978. Han har laga og illustrert barnebøker samt teikneseriar, og gav ut Kampen om Sampo (Omnipax) i 2006. Dette er ein versjon av Kalevala for born, og arbeidet med boka gav han lyst til å fortsetje å fordjupe seg i verda til Kalevala, noko som har resultert i denne komplette gjendiktinga.

LES OGSÅ: Eg likar vitsinga med språket

Kjelde: Orkana Forlag/Wikipedia