Framtida
Publisert
Oppdatert 04.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg visste ikkje kven Patti Smith var før eg var 19 år. Då studerte eg i Montpellier i Sør-Frankrike. Eg gjekk med hårband, vide skjørt og skinnsandalar slik nesten alle studentane ved “fac des lettres”, humanistisk fakultet, gjorde. Ein heilt vanleg dag på veg heim frå universitetet oppdaga eg eit plateomslag på brusteinane utanfor inngangsdøra til hybelen min.

Det låg med framsida ned, så eg plukka det opp og møtte auga til den tøffaste kvinna eg nokon gong hadde sett. Ho var fotografert i svart-kvitt, ho hadde skjorte og bukseselar på, ein jakke slengt over skuldra, ho hadde mørkt hår og mørke auge, haka høgt. Oppe til høgre stod det med svarte bokstavar: Patti Smith, Horses. LP-en som låg inni var brekt i fleire bitar. Eg hadde uansett ingen LP-spelar, men same ettermiddag gjekk eg til musikkbutikken Fnac og kjøpte albumet i cd-versjon. Deretter rett heim for å høyra.

horses, horses, horses, horses
coming in in all directions
white shining silver studs with their nose in flames

Multikunstnar

Horses var debut-albumet til Patti Smith. Det kom i 1975 og osar av både punk og poesi. Smith syng, messar og snakkar seg gjennom ni låtar og gjer det heilt klart for verda at ho har noko å koma med. I åra før debuten hadde ho studert, skrive dikt og lese dikt. Ho hadde også spelt teater og jobba på fabrikk og i bokhandel.
– Eg er ein amatør. Eg veit at eg er ein sterk utøvar, men eg er ikkje ein avansert musikar. Eg er ein intuitiv musikar. Eg har ingen verkelege tekniske kunnskapar. Eg kan berre spela seks akkordar på gitar, har ho sagt i eit intervju med avisa The New York Times.
Patti Smith er aller mest kjend for framføringa av songane sine, men ho speler også klarinett og gitar, ho måler og fotograferer. Diktskrivinga har ho heller ikkje slutta med, og ho gir med jamne mellomrom ut nye diktsamlingar. Poetar som Arthur Rimbaud og William Blake har heilt frå starten vore viktige inspirasjonskjelder.
Kva synest ho så om å bli kalla punkens gudmor?
– Det er ein ærefull merkelapp, men det er ikkje den einaste merkelappen eg vil ha. Eg bryr meg ikkje viss folk kallar meg det, men eg protesterer når dei ikkje forstår heile rekkevidda av dei ulike uttrykksformene eg jobbar med.

Portrettfilm

I filmen Patti Smith – Dream of Life, som fotografen Steven Sebring har laga, får me følgja artisten gjennom kvardag, arbeid og spelejobbar. I heile elleve år har Sebring følgt og filma Patti Smith. I motsetnad til andre portrettfilmar, får me ikkje sjå intervju med kritikarar og kolleger som rosar henne og fortel kor viktig ho har vore. I staden får me høyra Smith sjølv fortelja om barndom, kunst, venskap og kjærleik. Ho viser fram ein flekkete baby-dress og seier at ho var ikkje ei slik mor som brukte vaskemiddel med bleikestoff. Ho går på stranda med ein gammal venn, tullar og ler. Ho lærer ein ny låt på gitar og ho fotograferer tinga rundt seg. Patti Smith er 62 år når filmen kjem ut i 2008. Framleis turnerer ho, og på konsertane syng ho både nye songar, cover-låtar og sine eigne gamle songar, mellom anna frå Horses.
– Oppgåva mi er å kommunisera, å vekka folk. Å gi dei av energien min og ta imot deira energi, seier ho.
I ei anna scene i filmen står Smith i heisen med ei mappe under armen, og heller ikkje fotograf Sebring kan dy seg.
– Korleis er det eigentleg å vera eit rocke-ikon? spør han og ler litt sjenert.
– Når eg høyrer det, får det meg alltid til å tenka på Mount Rushmore, seier Smith medan ho trykker på ein knapp. Heisdøra går igjen.

Uinteressert stil-ikon

Mount Rushmore er fjellet der dei fire amerikanske presidentane Washington, Jefferson, Roosevelt og Lincoln er hogga ut i granitt. Dei er døde og ikoniserte. Men trass i at Patti Smith framleis er høgst levande og skapande, må ho finna seg i å ha blitt både eit førebilete for nye generasjonar artistar  og eit stil-ikon.  Det siste er mykje takka vera fotografen Robert Mapplethorpe. Det er han som har teke omslagsfotografiet til Horses og mesteparten av dei andre kjende fotografia av henne. Smith og Mapplethorpe traff kvarandre i New York nokre år før Horses blei innspelt. Ein periode budde dei saman på Chelsea Hotel, ein legendarisk tilhaldsstad for kunstnarar, musikarar og forfattarar. Sjølv seier ho til The New York Times at ho bryr seg lite om klede og stil.

– Eg er uinteressert. Eg har alltid sett ut på same måten. Sidan eg var lita har eg hata å fiksa håret mitt. Eg hata å måtta byta klede. Som lita hadde eg eg ei matrosskjorte og ei gammal kordfløyelsbukse, og det var det eg ville ha på meg kvar dag.

Forutan ei lengre periode på 80-talet, då Smith trekte seg tilbake for å leva eit roleg familieliv i Detroit, har ho fortsatt å gi ut ny musikk. Det er kanskje dei tidlege låtane hennar som er best kjende, men også på 2000-talet har ho nådd eit stor publikum, mellom anna med albuma Gung Ho og Trampin’.

Det gjekk nokre år etter at eg fann omslaget til Horses på gata i Montpellier. Eg høyrte på musikken, eg hadde LP-omslaget ståande framme på bokhylla. Og ein dag fann eg meg sjølv heilt nær scenen på Sentrum Scene i Oslo. Der stod Patti Smith med strikkelue og ein klarinett i handa. Ho song om hestar, ho var like tøff som eg hadde førestilt meg.