Framtida
Publisert
Oppdatert 12.10.2017 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit reisefølgje frå Odda og Kvinnherad skal på tur til Asia.  I Nepal står opplevingar i kø: Elefantsafari,  nashorn på nært hald, det buddhistiske og det hinduistiske levesett og ikkje minst verdas høgaste fjell Mt. Everest frå lufta – sett frå lufta.

For mange starta eventyret alt på flyplassen i Oslo. Det synte seg at flesteparten av gruppa som valde å ta fly frå Bergen til Oslo hadde hatt følgje med Ylvis-brørne – kjende frå tv-programmet der dei møter veggen. Ylvis stilte gjerne opp på foto i lag med nokre nepalturistar.

På elefantryggenDå gruppa skulle sjekke inn på utland frå Oslo, fekk vi ein endå større overrasking. Rett før oss i køen stod nemleg fotballproff John Arne Riise, og underteikna hukka tak i han. Han stilte også opp på foto, og han fekk varme lukkeønskingar til landskampen i Skottland. Ikkje lenge etter fekk Kari og Ruth også Gamsten i armkroken for eit foto. Fleire såg landslagsfavorittane sine, og alt før avreise hadde turen fått ein flying start.

Flott service

Dagen etter landa vi endeleg på flyplassen i Kathmandu etter flott reise. Gruppa vart nemleg heilt bergtekne av den flotte servicen og servitrisene som var så flott kledd i drakt med topphue og sjal.

Reiseleiar Marit Andreassen tok imot gruppa på flyplassen. Det hadde vore ei lang flyreise frå Oslo til Frankfurt og vidare til Abu Dhabi i Foreinte Arabiske Emirater, før vi landa i hovudstaden i Nepal. Alle såg fram til å kome til hotellet Manaslu – oppkalla etter eit av dei mange 8.000-meterfjella i Nepal. På veg inn i bussen fekk alle kvar sin krans av friske blomar rund halsen av den nepalesiske guiden.

Tut og køyr

Dagen etter tok vi den buddhistiske kulturen nærare i augesyn. Minibussen tråkla seg fram gjennom tronge gater med syklande, gåande, motorsyklistar, bilistar og bussar i eit virvar rundt ein. Det var ikkje trygt å vere fotturist her og sjåførane berre tuta og gav gass når dei møtte nokre hindringar på vegen.

I Budnath fekk vi sjå ein enorm buddhistisk stupa, som er sagt å vera den største i verda. Denne domen var berre stein og ein gjekk rundt den same vegen som klokka går mot høgre. Langs med var bønnehjul.

Om kvelden fekk vi smake på nepalesiske rettar medan ei gruppe dansarar underheldt oss med ein ny dans for kvar rett som kom på bordet. Vi sat på puter på eit lågt bord medan den eine herlege retten etter den andre vart servert.

Annapurna

Dagen etter tok vi fly til Pokhara, og var sanneleg dei einaste turistane om bord. I Pokhara såg vi nokre av dei høge fjella. På ein liten båttur til ei øy midt i ei elv såg vi solnedgangen over Annapurnafjellkjeda med det spisse Fish-tail-fjellet på nesten 7.000 m.o.h. Eit av dei flottaste morgonane fekk vi på ein fottur der vi såg soloppgangen over Annapurnafjellkjeda.
Somme hadde også alt vore på handel i ei gate som gjekk rett forbi hotellet, og der kunne ein kjøpe gode kopiar av sportsutstyr frå The North Face, eller ein kunne få seg kashmirskjerf i god kvalitet eller andre souvernirar eller gåveartiklar. Gruppa måtte lære seg kunsten å prute på marknaden.

Frå trafikkaos til ro

Etter nokre dagar fekk gruppa verkeleg med seg korleis det var å køyre med minibuss, for då skulle vi på ein fire timars tur til Chitwan. Vi reiste frå 800 moh til 100 moh og sjåføren køyrde forbi så snart han hadde teke att ein bil eller buss. Turen var ei oppleving i seg sjølv og alle var glade for å endeleg kome vel fram etter mange timar tut og køyr på ein veg med massevis av holer. Vi vart frakta med elevebåt til Chitwan nasjonalpark og Island Jungle Resort. Der var ikkje ein einaste bil på den vesle øya, og vi naut  roa….så lenge den varde.
Elefantdusj

På sporet av tigeren

På øya var det langt andre farar som lurte like i buskane. Vi fekk opplyst av guiden vår Kanna, rett før ein fottur, korleis vi skulle oppføre oss om vi møtte på bjørn, tiger eller nashorn.

Han sa at møtte vi bjørn skulle vi rope, klappe i hendene og lage mykje lydar. Han viste oss eit arr på eine leggen etter møte med bjørn. Ein bjørn hadde angripe han medan han var på ein guida tur, og han vart bitt i leggen. Kanna hadde slått til med ei stokk og bjørnen hadde forsvunne. Heldigvis overlevde han og turistane det dramatiske møtet.

Møtte vi derimot tiger, skulle vi sjå dei i auga og gå roleg bakover. Ein tiger angrip nemleg aldri framanfrå. Vi fekk også vite at for berre eit par veker sidan hadde ein av dei tre tigrane på øya angripe og drepe ein fiskar som stod ved elva. På ein fottur fekk vi stadfesta at ja, det er tigrar på øya, nokre godt synlege spor på ein sandbanke beviste det.

Det tredje dyret som vi måtte passe oss for var nashorn. Angreip det, skulle vi springe bak eit tre og rundt det treet slik at nashornet alltid var på motsatt side av treet. Dersom der ikkje var tre i nærleiken, skulle vi kaste frå oss noko, som ein sekk eller ei jakke slik at nashornet kanskje ville stoppe opp og lukte på det. Det har nemleg ikkje så godt syn.

Møte med nashorn

Det skulle ikkje ta lang tid før Kanna var på sporet av eit stort dyr. Han gjekk i buskane og såg nemleg eit nashorn ikkje langt unna som stod i ein skiten dam. Vi andre byrja å krype i buskane og prøvde å få auge på nashornet. Ja, der stod det noko svart stort og såg rett på oss. Vi kraup litt lenger ned og fekk auga på både hornet og øyrene og den store kroppen gjennom buskane. Det var ganske spennande, men så måtte vi trekkje oss tilbake, for vi ville ikkje at nashornet skulle finne på å angripe.

Vi stilte oss bak eit stort tre medan dei to guidane prøvde å jage bort nashornet. Det var lettare sagt enn gjort. I staden for å ta stien, måtte vi gå ein større omveg for at vi ikkje skulle gå oss rett på det store dyret. Vi gjekk samla, fort og stille. Endeleg kunne vi gå ned på stien att, faren var over for denne gang. Vi kom til ei elevebreidde og eit båt tok oss med straumen tilbake til leiren. Der budde vi i steinhytter ute i jungelen.

På elefantrygg

Ettermiddagen skulle by på fleire nye opplevingar. Gruppa var på elefantsafari, og vi følte oss ganske trygge frå elefantryggen. På under ein time fekk vi sjå ikkje mindre enn tre nashorn. Kanna var med oss og hadde klart å spore opp det eine dyret etter det andre. Nashornet er mykje mindre enn ein elefant, som er 3 meter høg, og der var dermed ingen fare for angrep.
Nokre av jentene i følgjet var blant dei modige som brukte ein ettermiddag til å bada med elefantane. Dei sat på elefantryggen og så spurta elefanten vatn på dei med snabelen sin.

Pytonslangen

Ein fuglekikkartur skulle vise seg å bli meir spennande enn ein kunne tru. Plutseleg ropte ein i følgjet; Sjå ein slange, ein slange. Og sannleg, to meter frå stien like ved husa kraup ein feit slange som eg verken såg byrjing eller slutt på. Reiseleiar Marit Andreassen sa at det var ein pytonslange og at den dermed ikkje var giftig. Ho lurte på om guiden kunne fange slangen. Han ropte på nokre andre nepalesarar frå campen som kom på stien, og straks var to menn i gang med å hogge ned kratt med nokre sigdar og dei hadde sirkla inn slangen.

Etter ti minutt kom den eine ut med slangen og eit godt grep om halsen. Slangen freste til inga nytte. Dei to mennene bar den ut på stien og på ei opa slette like ved der dei som arbeidde budde. Dei sleppte den ned på bakken og nokre av dei modigaste klappa slangen.

Mount Everest frå flyvindaugetEtter å ha blitt filma og fotografert fekk slangen sleppe laus. Han var litt aggressiv og hogg mot eit handkle som ein av nepalesarane heldt framfor seg berre 20 cm frå beina hans. Men det gjekk bra. Til slutt fann slangen seg ein opning og smaug ut i skogen att der den høyrde heime. Fuglekikkarturen hadde sanneleg vore ei stor oppleving.

Everest

Etter ein vellukka tur i nasjonalparken, gleda mange seg til å sjå Everest. Vel tilbake i Kathmandu, var høgdepunktet ein morgonflysightseeing med Buddha Air. Alle hadde vindaugssete i det vesle flyet. Vi tok av og etter ei stund fekk alle gå fram i cockpiten. Der fekk vi auge på Mt. Everest framfor oss. Det var eit fantastisk skode. Det var sol og ein nokså vindstille dag på toppen denne dagen.

Etter 13 eventyrlege dagar var det på tide å ta turen heimatt med masse nye inntrykk og souvernirar frå eit varmt folkeslag.