Gav alt over stokk og stein
Rekorddeltaking og stor innsats i hinderløpet Over stokk og stein.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Møre-nytt.
Med rekorddeltaking og solskin låg alt til rette for hinderløpet Over stokk og stein som vart arrangert for tredje gong i Follestaddalen i Ørsta laurdag.
Rundt 270 stilte til start i dei ulike klassene, frå mosjon/familie, til konkurranseklassene.
– Det unike med dette hinderløpet er at vi nyttar mange naturlege hinder. Vi nyttar oss av det naturen har å gi, seier arrangør Arve Haugland.
Deltakarane må forsere tømmerstokkar, bere stein og stokkar, hoppe over rundballar og klatre i tårn. Der er også eit straumgjerde dei må krype under, høge klatrestativ m.m.
– Kjempegøy, men hardt, er konklusjonen frå Ariana Rebbestad, som kom først i mål av kvinnene i mosjons/familieklassa.