Birgit og Hogne sprang først Knarvikmila – så sprang dei i kyrkja og gifta seg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sprang rett i kyrkja og gifta seg etter Knarvikmila

Saka var først publisert i Nordhordland.

Hogne Brunborg og Birgit Høyvik gjorde noko så utradisjonelt som å springe Knarvikmila, ikkje berre same dag, men omtrent same timen som bryllaupet deira starta. Dei står saman i alt no, sa Brunborg etter løpet, men dei sprang kvar sine distansar under Knarvikmila.

Klokka 14 søndag starta brudgommen Hogne sin 5 kilometer saman med presten som skulle vigsle dei.

Klokka 15 sprang brura mila.

Klokka 16.15 starta seremonien i kyrkja.

– Eg har det litt travelt, sa brura, då ho haste vidare frå eit kort møte med pressen etter målgang.

Den spreke brura sprang heldigvis så fort som 47.29 på mila, og hadde dermed nesten ein halvtime på seg før bryllupsseremonien starta. Det blei tid til å komme seg til kyrkja, men det blei verken dusj eller brurekjole.

– Nå ber det rett i kyrkja før det blir afterrun og fest i kveld, sa Høyvik etter målgang.

– Aldri sett noko liknande

– Vi tenkte at dette var ein god måte å vise fram Knarvik på, seier Høyvik, som opphavleg kjem frå Vestfold.

Paret ønska å gjere brylluppet til ei «happening», spesielt for dei som kom reisande heile vegen frå Austlandet.

Sidan brudeparet ikkje hadde tid til å skifta til finklede etter løpet, hadde dei kledd seg opp i passande treningstøy.

Brudgommen sprang i ei treningsskjorte med dress, skjorte og sløyfe teikna på, medan brura sprang i kvit tights, kvit overdel og med ein krans på hovudet.

Omtrent halvparten av gjestane deltok under Knarvikmila, inkludert presten Geir Øy, som valte å springa 5 kilometeren i frykt for å komme for seint til vigselen.

– Eg har vore prest i ein gode del artige bryllaup, men aldri noko som liknar på dette her, seier presten.

Kyrkjebenkene var fulle av sveitte folk i treningsklede. Brudgommen gjekk ut av kyrkja i en svart treningsjakke frå Puma. Og som om det ikkje var nok at dei hadde vore gjennom til saman 15 kilometer frå før, måtte brudeparet kome seg heim til Juvikstølen.

Brudefølgjet var ikkje nokre dårlegare, og gjekk den same strekninga.

Les meir på nordhordland.no