Mange feite lamborghiniar på treff i Lærdal

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjekk dei kule lamborghiniane som besøkte Lærdal

Saka var først publisert i Porten.

Like over klokka halv to sist laurdag kom tjue Lamborghiniar brummande inn Kvammegården. Det er Lamborghini-klubben i Noreg som er på vestlandstur.

Klubbmedlem og lærdøl Johannes Einemo seier til Porten.no at treffen i år var den største som har vore. I år var det tjue Lamborghiniar i følgjet, og det har aldri vore så mange på den årlege vestlandsturen.

Leiaren av Lamborghini-klubben i Norge, Harald Skjøldt, sier til Porten.no at turen starta frå Gol og gjekk til Lærdal, med retur same dag via Fagernes til Gol. Skjøldt seier arrangementet var veldig vellukka. Sjølv køyrer han Lamborghini Miura.

Einemo fortel til Porten.no at køyrevêret var særs fint, og at klubben tok eit stopp på Tyin der fleire tok eit friskt bad i innsjøen.

Med i reisefølgjet var også nokre svenskar, som hadde ein fabrikkny blå Lamborghini Huracán, avslutta Einemo.

Alle foto: Øyvind Nondal. Sjå enno fleire bilete på Porten.no!