Maria Parr og Ingunn Thon tevlar om barnebokpris
Ti tusen femte- til sjuandeklassingar skal kåra vinnaren blant dei fem nominerte til ARKs barnebokpris.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kvaliteten på dei påmelde titlane var høg, og det var utfordrande å stemma fram dei fem nominerte. Vi har i år fått ei liste som inneheld ein god kombinasjon av humor, alvor, realisme og fantasy, seier Maria Granli-Brekke, kategorisjef for barne- og ungdomsbøker i ARK til nettavisa bok365.no.
Dei nominerte er:
- Ingunn Thon, Ollis
- Maria Parr, Keeperen og havet
- Eldrid Johansen, Faraos forbanning
- Gudrun Skretting, Anton og andre flokkdyr
- Siri Pettersen, Bobla
Prisen blir delt ut i desember. I tillegg til heider og ære får vinnaren 25.000 kroner og eit litografi.
- Les intervju med Maria Parr: – No blir det ny bok til hausten
- Les intervju med Ingunn Thon: Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja!