No er Solberg meir populær enn Støre

Mens Jonas Gahr Støre fell til sitt dårlegaste resultat i år, gjer Erna Solberg eit byks til ny toppnotering i ei fersk statsministermåling.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For berre to månader sidan låg Ap-leiaren før den sitjande Høgre-statsministeren med 48 mot 45 prosent i målinga Ipsos MMI utfører for Dagbladet. I augustmålinga har dei bytt plass, og 53 prosent føretrekkjer Erna Solberg. No er det berre 42 prosent som synest Støre bør styre landet.

– Dette er sjølvsagt ei veldig hyggeleg tilbakemelding frå veljarane. Her får jo dei ei moglegheit til å vurdere ein kandidat som faktisk har sete i jobben i fire år. Då betyr det mykje for meg at dei meiner vi gjer ein god jobb, seier Solberg om målinga.

Sist gong forskjellen var såpass stor var i desember i fjor, men då var Støre på topp med 52 prosent, mot Solbergs 43. Sidan nyttår har dei bytt på å liggje i tet, men avstanden har vore langt mindre.

Støre er favoritten til dei høgt utdanna, mens Solberg gjer det best blant veljarar som berre har grunnskuleutdanning. Det kjem av truleg Frp-veljarar, meiner valforskar Johannes Bergh.

– Erna er jo deira statsministerkandidat, også, og blant Frp-veljarane veit vi at utdanningsnivået er lågare enn blant Ap og Høgre, seier han. Samtidig minner han om at parti er viktigare enn person i norske val.