Stigande vaniljepris gir dyrare is

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen på vanilje har stige kraftig det siste året etter at ein syklon tidlegare i år øydela store delar av vaniljeproduksjonen på Madagaskar, den største eksportøren i verda av den populære smakstilsetninga.

I år har prisen nådd rekordnivå på over 3.700 kroner per kilo, mens den vanlegvis ligg på rundt 600 kroner, skriv Financial Times.

LES OGSÅ: Kolonihagen droppar norsk mjølk i øko-is

I Sverige har iskrem i snitt blitt åtte prosent dyrare på eitt år, og berre den siste månaden har prisen stige fire prosent. Til samanlikning har dei andre matvareprisane stige knapt to prosent det siste året, viser tal frå Sveriges statistiske sentralbyrå.

Madagaskar er ofte utsett for syklonar og tropiske stormar. 50 personar omkom etter at syklonen Enawo ramma landet i mars.

FÅ OGSÅ MED DEG DENNE SAKA FRÅ 2015: Kva gjer vêr ekstremt?