Åtvarar mot app
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) åtvarar mot appen Sarahah som gjer det mogleg å sende hetsande meldingar anonymt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ein kanal for å hetse folk anonymt. Eg prøver å vere teknologioptimist, men her vil eg at folk skal tenkje seg om, seier seniorrådgjevar Hans Marius Tessem i NorSIS til VG.
– Eg ser ikkje heilt kva godt dette bringar, legg han til.
Appen Sarahah er på andreplass blant nedlasta gratisappar i norske Apple Store, ifølgje digi.no.
Utgangspunktet for appen var at arbeidstakarar skulle kunne gi konstruktive tilbakemeldingar til sjefen, men i praksis har den også blitt brukt til å sende hets.
Utviklarane bak appen uttaler til avisa at dei er klar over utfordringane.
– Dessverre er moglegheitene for misbruk av digitale plattformer ei utfordring for alle desse plattformene. Sarahah tar dette svært seriøst, og vi har gjort fleire tiltak for å takle dette, og vi kjem til å gjere meir, skriv utviklarane til VG.