Framtida
Publisert
Oppdatert 28.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Luftig på Storen

Opplevingsturisme har blitt stadig meir populært. Nordmennene har blitt flinke til å ta turar i eige heimland og opplever kva den store naturkatedralen i dei mange nasjonalparkane har å by på. Fire unge menn utfordra laurdag 20. august sjølvaste Store Skagastølstind, Noregs høgaste alpine fjell, 2405 m.o.h. Men utan klatreerfaring, vart dette ein tur gruppa seint vil gløyme.

Sigurd Tuntland frå Oslo klatra opp den første taulengda til Store Skagastølstind. Guide Eiliv Ruud (t.h.) sikrar

Uansett kva kant ein vil klatre opp Storen (som fjellet vert forkorta med), så er det ein ting som er sikkert – for å stå på toppen, må det klatrast opp. Utfordringa kan vere sterk nok i seg sjølv, og den vert ikkje mindre for den som er høgderedd. Difor rår guidane på turen, Stian Hagen og Eiliv Ruud, til å bli kjent med klatring på førehand. Slik er ein betre rusta til det som ventar ein i over 2000 meters høgde der klatreruta berre blir verre og verre…

Stian Hagen seier at sjølv dei som er kjende med klatring bør vurdere å bruke guide på dette fjellet. Det er nemleg lett å gå seg vill om skodda kjem sigande, og uansett er det vanskeleg å finne vegen. Gruppa som var oppe 20. august kunne ikkje å knyte åttetalsknuten, og svaret sa seg sjølv – dette måtte bli ein guida tur.

Frank Flusund frå Ålesund skimtar toppen av Store Skagastølstind i bakgrunnen, like etter stod han heilt på toppen av det høgaste alpine fjellet i Noreg 2405 m.o.h.

Opp klokka 04.00

Klokka halv fem var teamet klare for frukost ved Turtagrø Høgfjellshotell. Guidane hadde sett fram mat, og skivene gjekk ned på høgkant. Resten vart niste og lagt i sekken. Turen var venta å ta bortimot 14 timar. Ute var det enno mørkt, men vindstille. Kvar person fekk utlevert utstyr: Ei isøks, eit 50 meter langt klatretau, sele og hjelm. Med litt ekstra klede, frukt, sjokolade og nøtter med drikke attåt, var sekkane fylt opp. Vel kvart over 5 lysna det, og gruppa tok av stad oppover dalen med Storen for auga i det fjerne.

Stian Hagen leia an i rask gange. Det var tydeleg at tidsskjemaet skulle haldast og vel så det. At han hadde guida fire gonger siste veka og på fridagen dagen i førevegen hadde klatra Storen på tre timar, såg ikkje ut til å ha sett seg i beina.

Starta som ein spøk

For Sigurd Tuntland og dei andre to kameratane hans frå Oslo, var dei ikkje interessert i nokon bestemortur. Det vart det heller ikkje. Ingen av dei var budd på utfordringane som venta i fjellet.
Vel framme ved hytta på Bandet 1758 m.o.h. gjorde gruppa seg klare for å ta på hjelm og bruke isøks opp nokre snøfelt. Med 35 grader helling, galdt det å sparka  beina godt inn i snøen for å unngå å skli ned att. Så langt hadde alt gått godt. Opp nokre svaberg måtte gruppa klatre, og guidane la ut tau og festa kvar det til selane rundt livet. Utan klatreerfaring tok det litt tid å kome seg opp. I tillegg byrja skodda å tjukne til. Gjengen hadde fått som bestilt, dette vart ingen bestemortur.

Ved stupet

Vel opp svaa, venta nye utfordringar. Etter gange opp til Hjørnet, måtte gruppa festast til taua. Jon Tafjord jr. fekk erfare kva faren hans meinte med at det var luftig på Storen. Men skodda gjorde at utsikta uteblei. For ein som var høgderedd, vart turen i det meste laget. Jon klistra seg til veggen. Men Frank Flusund frå Ålesund hadde ikkje oppdaga kor høgt det var ned for skodda la seg som eit teppe rundt. Han steig fram på kanten av Hjørnet og keik ned:
– Kor mange 100 meter er det rett ned her, spurde han guiden.
– No held du kjeften, svara Eiliv kjapt. Han ville unngå at den høgderedde skulle frike heilt ut. Som takk fekk den uredde leia an ruta vidare. Frank fylgde i fotspora til guiden langs ein meter brei kant om lag 20 meter bortetter. Skodda som rulla opp fjellsida og gav ei sikt på berre 20 meter, skjulte at det var om lag 400 meter skrått ned i dalen.

Heftig og skummelt

Etter litt om og men var alle vel oppe på Galleriet. Dei neste 40 meterane ville bli dei hardaste og ville avgjere om gruppa kom opp. Frank fylgde etter Eiliv opp Vigdals Sva, og dei tre Oslo-kameratane fylgde etter Stian opp Heftys Renne. Frank, som så langt hadde teke turen med godt mot, vart plutseleg ille til mote. For Eiliv berre for som ein katt langs veggen til venstre og opp ei renne som var rett ovanfor stien dei hadde gått. Nokre meter rett under kom resten, men Frank skulle opp. Problemet her var at det var vanskeleg å få godt nok fotfeste. Frank betenkte seg i fleire minuttar, men til slutt kara han seg ut på stupet. Etter eit par minuttar var han eit par meter lenger ved renna og stod bom fast. Eiliv var for lengst langt oppe på fjellet og sikra og høyrde ikkje eit ord av det Frank ville spørje om.

Berre ein veg…

I ettertid fortel Frank:
– Anten så måtte eg gi meg og gå ned, eller så måtte eg kome meg opp.
Med kvar arm tok han tak i dei to taua og fira seg opp med rå handemakt, og kara seg over kanten til det var trygg grunn under beina.
– Det var herleg, hugsar han. Klatringa vidare opp renna gjekk greitt. Kort etter, fem på halv tolv smilte han blidt; han hadde kome heilt på toppen av Storen.
– Eg har ikkje klatra før, seier han og overgjekk seg sjølv denne dagen.
– Kilimanjaro er ingen ting i forhold til dette, seier han ettertenksamt. Tidlegare i sommar hadde han gått opp det høgaste fjellet i Afrika. Men han seier kampen mot høgdesjuka var langt mindre utfordrande enn klatreetappen på Store Skagastølstind.

Det vart ikkje lenge før Frank hadde selskap. Dei tre kompisane frå Oslo kom ein etter ein. Alle var imponert over seg sjølve og andre sin innsats. Dei ville gjerne sett utsikta, men var samstundes glade over at dei ikkje såg kor høgt det var ned. Opplevinga var sterk nok.

På toppen og rett ned

På toppen avslørte guidane ei ny utfordring. Vegen ned gjekk via ein 40 meter fjellvegg. Der skulle kvar og ein firast ned! Dette hadde ingen av dei prøvd før.
– Eg har aldri før stolt så mykje på eit tau og ein person , seier Jon Tafjord jr. Han bokstavleg talt la livet sitt i hendene på guidane. Dei vart han kjend med for første gong på denne turen. Men så langt hadde taue helde og guidane i den andre enden hadde hatt eit godt grep om tauet og sikra. For å kome ned, var det berre ein utveg, stole på tauet og guidane.

Då Frank kom til punktet der han skulle firast ned, vart han betenkt igjen. Han undersøkte løkka som tålte 3 tonn som var slyng rundt ein stein på kanten av stupet. Etter fem minuttar byrja han å bli vel nervøs av å vente. Endeleg runda Eiliv hjørnet i lett gange, det vesle kroppen hadde ingen problem i høgda. Han feste knutane på ny og Frank var klar for å gå ut for kanten og la seg sleppe ned. Men tanken på å møte moder jord med eit brak 40 meter lenger nede var slett ikkje freistande, og han klamra seg fast med hendene til fjellsida. Til slutt måtte han stole på at sikringa var i orden og la seg lene tilbake ut i skoddehavet ut i lufta ut i ingenmannsland. Eiliv hadde kontroll og få minuttar etter stod Frank på trygg grunn på stien under. Dei andre visste at Frank hadde klart det, og ein etter ein kom seg ut for stupet og vart fira trygt ned.

Sklia

Men enno stod det nye sprell på planen. Å gå ned ein bratt bre, er nemleg verre enn å gå opp. Guidane imponerte igjen med sin balansekontroll og sklei nedover på skoa omtrent som på miniski. Frank hadde litt lyst å gjere det same. Snart enda det i knall og fall. Han sklei fleire meter og bremsa med isøksa utan at det såg ut til å hjelpe. Men så stoppa han. Han pusta ut. Etter eit par sekundar fortsette han å skli rett ned mot dalbotnen. Han tviheldt på øksa som ikkje såg ut til å lystre ordre. Etter ein lenger sklitur, klarte han å stoppe på ny. Denne gongen kom han seg på beina. Resten av turen gjekk i eit rolegare tempo ned opptrakka spor.

Vel nede på Bandet, braut jubelen laus. For derifrå var det berre plankekøyring ned dalen mot Turtagrø. I 5-6 tida om kvelden kom den eine etter den andre inn til høgfjellshotellet, mange erfaringar rikare, og med eit minne for livet.

LES OGSÅ: Fleire blir lokka til fjells

Fakta

Store Skagastølstind 2405moh

Det høgaste alpine fjellet i Noreg og det tredje høgaste fjellet i landet.
Storen ligg i Sogn og Fjordane.

Det er ca. 5 timar biltur frå Oslo til Turtagø som ligg ved Sognefjellsvegen mellom Sogndal og Lom. Turen til Storen tek ein dag.
Avreise frå Turtagrø via Tindeklubhytta og vidare til Bandet 1758 m.o.h.
Med hjelm via Snøfeltene med opp til 35 grader helling. Med tau opp Svaene. Neste taurute frå Hjørnet til Galleriet. Til toppen via Vigdals Sva eller Heftys Renne. Nedfiring ned Sydvestveien (40meter). Retur same veg som opp til Hjørnet.