No skal ein både nyte og yte på ferie. Det gjer at mange nordmenn brukar sommaren på fjellet, i kanoen eller med fiskestonga.

NRK skriv at ei ny undersøking frå NHO Reiseliv syner at seks av ti unge i alderen 18 til 29 år har planar om å gå i fjellet i sommar.

Dei skriv vidare at det ifølge NHO Reiseliv har det blitt meir attraktivt å feriere i heimlandet. Medan 47 prosent planla å bruke heile eller delar av sommarferien i Norge i fjor, seier 70 prosent at dei skal gjere det i år.

– No er det trendy med ein aktiv ferie. Opplevingsbedriftene våre, som tilbyr til dømes kanoturar og fisketurar, opplever ein eventyrlig vekst. Enkelte bedrifter seier dei har fått fleire førehandsbestillingar no på starten av sommaren enn kva dei selde for totalt i fjor, seier kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i NHO Reiseliv.

Ho trur at ungdom gjerne er oppteken av ferie med meining, der ein både kan lære noko nytt og vere saman med andre.

LES OGSÅ: Fjellvettreglane – no på nynorsk!

Auke i medlemstalet
Til NRK opplyser Turistforeningen (DNT) at også dei merker denne trenden. På det siste året har DNT Ung fått 1500 nye medlemmer, og medlemstala har dobla seg på ti år.

– Eg trur unge i større grad har fått auga opp for naturen og ynskjer å utforske den på eigen hand. Dessutan har naturen noko for alle, anten ein ynskjer ro og stillheit eller fart og spenning, seier leiar i DNT Ung, Stig Øystein Schmidt.

LES OGSÅ: Gründer på fjelltur

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE