Framtida
Publisert
Oppdatert 16.08.2017 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den tidlegare sovjetstaten med gryande turisme er eit eldorado for fjellfolk. Har du utforska  den norske fjellheimen nok, er absolutt ein tur austover til Kirgisistan, med ei gjennomsnittleg høgde over havet på 3.000 meter, eit godt alternativ. Det høgaste fjellet Khan Thengri ligg på 6.995 moh. Fjellområdet Tien Shan byr på mange fjellturar i lågare terreng, og Den Norske Turistforeining (DNT) har i fire år på rad arrangert fjellturar til dette området. Desse turane passar for norske turfolk flest. Underteikna hadde blitt invitert av ein ven, Andrey Musin, som er halvt russisk og halvt kirgisk, for å oppleva Kirgisistan frå innsida.

Bishkek
Det første som slo meg var kor lett det var å koma seg til Kirgisistan. Etter å ha reist til Russland i fjor med søknad om visum før utreise, så forventa eg same prosedyre til Kirgisistan. Men dei har funne ut at ein må gjera det enkelt for turistar å koma dit, og ein treng ikkje søkja visum før ein kjem til flyplassen. Der tek ein med dollar eller euro og får utstetta visum før passkontrollen. Reisa var heller ikkje avskrekkande lang, og enklaste måte å dra på vart med Aeroflot frå Oslo via Moskva til Bishkek, hovudstaden i Kirgisistan.
Eg landa om morgonen i halv seks tida og sola hadde alt byrja å varma godt. Sjølv om Bishkek ligg minst 900 meter over havet, så var temperaturen midt på sommaren 30 varmegrader midt  på dagen.

Jurt

Det passa godt å kjøla seg ned litt med ein tur innandørs til Det historiske museum. Ute stod vakter som minna om soldatar frå sovjettida, og ved vaktskifte gjekk dei med strake beinløft 90 grader opp slik ein kjenner dei russiske soldatane. Kirgisistan vart eige land i 1991 etter Sovjetunionen sitt fall. På det historiske muset var det difor litt overraskande å bli møtt med ein heil etasje via til Lenin. I den andre halvparten av museet, i etasjen over, vart kirgisk historie presentert. Vi fekk sjå ein lavvo i ull som det kirgiske folkeslaget budde i før dei sette seg opp hus. Det kunne minna om ein tipi som indianarane brukte, eller eit telt som samane nytta. Ullavoen kalla dei jurt.

Ein helt
Så stoppa Andrey ved eit bilete av ein hærførar. Han heitte Shabdan Baatyr (1839-1912) og var oldefar til Andrey. Oldefaren fekk namn som helt (Baatyr=helt) etter krigar på den russiske sida mot tyrkarar og kinesarar. Han var med og samla landet og fekk Kirgisistan på russisk side.

Andrey kunne fortelja at bestefar hans så vidt klarte å overleva eit angrep mot familien hans, og han var den einaste attlevande i slekta. Eg fekk seinare sjå eit stort minnesmerke som er reist av Shabdan Baatyr ridande til hest.

Issyk-Kul
Etter ein tur i hovudstaden, var det nemleg fjellinnsjøen Issyk-Kul som lokka. Den var fire til fem timar køyring unna, og er det nest største fjellinnsjøen i verda. Innsjøen inneheld helsebringande mineralar og gjev difor helsebot for menneske med hudproblem. Den ligg 1.609 meter over havet, og under Sovjettida var det teningsleiarar der for olympiske utøvarar innan mange sportsgreiner. Høgda var perfekt for å få eit godt utbytte av høgdetrening. Temperaturen i juli med 20-23 grader var veldig behageleg for ein nordmann. Også vatnet heldt ein fin temperatur som var passeleg å bada i. Ved å kjøpa billett til hotellet like ved, kunne ein få tilgang til park og badestrand og dermed bada trygt på offentleg strand. Issyk-Kul var ein stor innsjø, men det var grunt fleire timeter ut frå stranda. Innsjøen er 702 meter djup, den er 185 km lang og 60 km brei. Ikkje utan grunn er Issyk-Kul rekna som perla i Tien Shan. Her gjekk også den gamle silkeruta forbi.

Fjellheimen
Fjellandet har langt meir å by på. Her var rikeleg med moglegheiter for fjellturar til fots og til hest. Ei heil dag vart via til busstur til Karakol. I minibussen var turistar frå Russland, Kazakstan, Armenia og Kirgisistan. Heldigvis var Andrey med og kunne omsetje til engelsk det guiden sa på russisk. I Karakol vart vi minna på at her var folkeslag frå Austen og frå Russland som har sett sitt preg på landet. Etter besøk i eit kinesisk-inspirert tempel gjekk turen til ei trekvit russiskortodoks kyrkje. Vi vart også minna på at kristendomen hadde slått rot her tidleg. For apostelen Matteus var gravlagd i ei grav i fjellet berre få timar køyring unna.

Ørn
Så skulle vi inn i fjellheimen. Der fekk vi møta familiar som budde i jurt og vi gjekk fottur til ein foss. Like før fossen kom ein innfødd rett ut av skogen med ein ørn i handa. Før eg visste ordet av det hadde han teke ein hanske på høgre handa mi og plassert ørna på handa mi. Eg skulle bli fotografert med ei ørn og han var kjapp og ta kameraet som hang rundt halsen min for å foreviga augneblinken. Men før han kom så langt, hadde ein kamerat av han også oppdaga denne kvite turisten blant dei lokale turistane, som dei sikkert kunne tene litt pengar på. Og i løpet av få sekundar hadde eg også ei ørn i den andre handa og rett før biletet vart teke, tok ein tredje gut og plasserte si ørn på høgre låret mitt. Det vart eit blinkskot.

Pruting
Like etterpå sa dei at dei skulle ha 600 coms. Eg hadde blitt så forfjamsa at eg hadde ikkje rukke og spurt på førehand kva prisen vart, men visste vel at her måtte pruting til. Eg tilbaud 100 coms. Men det var ikkje aktuelt. Eg syntest det var litt frekt å kome her og kome her. Dei berre klaga på at engelsken deira ikkje var så god, men å fortelja kva dei skulle ha klarte dei. Dei reduserte til 300 coms, halv pris. Til slutt sa eg at eg kunne strekkja meg til 200 coms, men der stod forhandlingane bom fast. Dei ville ikkje akseptera mitt tilbod og eg ville ikkje akseptera deira.
Så gjekk eg til fossen og grunda over saka, vel vitande om at eg kom meg ikkje ut av denne skogen før eg hadde betalt det dei skulle ha. Omgjort i norske kroner vart prisen i underkant av 20 kroner pr ørn, altså eit foto til om lag 50 kroner.

Til hest
Tilbake i leiren var det høve å bruka meir pengar, for eg ville nemleg ri på hest. Det vart ei fin lita oppvarming til ein seinare ridetur. Så vart vi inviterte inn i lavvoen på te og brød og god suppe. Turisten frå Armenia spanderte vodka, for han og kona var på bryllaupsreise. Han nytta også høvet og takka for at eg kom frå Noreg, for han hadde blitt fortalt om polarhelten Nansen som hadde redda millionar av armeniarar.

Hyggeleg folkeslag
Etter ein vellukka prøvetur til hest, bestemte eg meg for å ri til hest opp på eit platå for å få utsikt over Issyk-Kul. Som vanleg skein sola frå skyfri himmel og det vart varmt og godt frå hesteryggen. Utsikta frå platået var fantastisk med klar, blå innsjø under oss.
Neste dag skulle vi inn i ein dal og sova i jurt. Då vart det nytt høve til ridetur oppover ein dal mot eit vatn. Det smakte med ein dukkert i det avkjølande vatnet. Jurten var varm og Foto: Anna Kirsten Hellevanggod å sova i, og neste morgon fekk eg sjå korleis dei sette opp desse telta. For lenger borte på steppene var ei gruppe kirgisarar i gang med å setja opp tre jurtar. På innsida var det svært fargerike tepper. Her skulle det spelast inn film og teamet frå fjernsynsselskapet skulle få bu i desse flotte lavvoane. Eg fekk oppleva at kirgisarane er eit svært så hyggeleg folkeslag, for regissøren hadde alt kome på settet, og ho inviterte Andrey og meg likså godt på lunsj. Dei diskuterte kor vidt landet hadde hatt godt av å vera eit fritt land eller om det var betre under sovjettida. Dei klarte ikkje å bli samde. Dei likte ideen om eit fritt land, men så hadde også utviklinga stoppa opp sidan 1991. Det var Sovjetunionen som hadde bygt opp vegane og alt det som fanst av utvikling.

All makt til presidenten
Eg lurte på korleis det kunne ha seg. Seinare fekk eg møta fleire av Andrey si slekt. Bakas Kozegulov var sjef for det nasjonale skattepolitiet. Han sa at det var for mykje makt til presidenten. Han seier at tidlegare presidentar brukte pengane på seg sjølve og ikkje på folket. Dermed hadde ikkje frigjeringa fått ønska effekt. Bakas sa at landet burde vore styrt demokratisk som i Noreg. Han skulle ønskje at det kom ein utlending, til dømes ein norsk politikar og styrte landet deira. For hans del var politisk stabilitet det viktigaste for økonomisk vekst.

Etter å ha sett landet frå innsida, var det på tide å ta farvel eller ønskja på gjensyn. På flyplassen fekk eg meg ei ny overrasking. Der kom ei gruppe nordmenn som synte seg å ha vore på tur med DNT i to veker. Dei hadde reist dagen etter meg. Då eg presenterte meg var det plutseleg ei av dei som lurte på om eg hadde jobba i Øyposten på Finnøy. Eg sperra augo opp. Ja, eg hadde det. Verda er ikkje stor, eller kanskje er Noreg eit lite land.

5. oktober 2007

LES OGSÅ: Til Thailand på motorsykkel