Statsministeren gav serieskaparane den gjeve prisen under eit arrangement på Gålå i Gudbrandsdalen fredag.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Eg veit ikkje om vi i den vesle «Skam»-redaksjonen eigentleg har forstått kor stort «Skam» har blitt, seier serieskapar Julie Andem til NRK.

Fredag fekk serieskapar Julie Andem og produsent Marianne Furevold-Boland prisen. Peer Gynt-prisen har sidan 1973 årleg blitt delt ut til ein person eller institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan og som har gjort Noreg kjent i utlandet.

Prisen blir delt ut i tilknyting til Peer Gynt-stemnet, og det er politikarane på Stortinget som har stemt fram vinnaren.

«Skam» er ein nettbasert dramaserie for ungdom som handlar om livet til ein gjeng ungdommar ved Hartvig Nissen vidaregåande skule i Oslo. Serien har fått strålande kritikkar og nådd ut til eit breitt publikum, både nasjonalt og internasjonalt.

Serien har fått ros for å ta opp viktige tema som homofili, overgrep, valdtekt, kulturforskjellar og press i ungdomsmiljø. Den er selt vidare til Danmark, Sverige, Island og USA.

Oppdatert: måndag 14. august 2017 10.05

Kommentarar

ANNONSE