Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag slapp TV2 endeleg deltakarlista til årets sesong av «Skal vi danse» og me kunne knapt ha blitt meir begeistra. Aller mest gler me oss til gjensynet med «Skam-Yousef» alias Cengiz Al (19), som blei kjent som agnostisk ballonggut og romantiske interesse for hovudpersonen Sana i sesong 4 av den populære ungdomsserien.

Al skal måla krefter med mellom andre den tidlegare korrupsjonssikta eksordføraren Trude Drevland (70), «Bot og bedring»-stjerne og tidlegare «Skal vi danse»-programleiar Tommy Steine (47) og bloggar Anna «Mamma til Michelle» Rasmussen (20).

Det kan også bli heitt i manesjen når Paradise-Grunde Myhrer (21) og tidlegare snøbrettstjerne Helene Olafsen (26) snører på seg danseskorne.

Heile deltakarlista finn du hos VG. Første sending frå den tolvte sesongen av dansekonkurransen går på lufta 2. september.