Mæland seier nei til turistskatt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire stader i landet har merka konsekvensane av den enorme turiststraumen her til lands i sommar. Verdsarvfjordar som er fylt til randa av cruiseturistar og dårlege toalettilhøve ved turistattraksjonar, er noko av baksida.

Næringsminister Monica Mæland (H) oppfordrar kommunar til å ha næringsvett og seier nei til turistskatt. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

No ber kommunane om turistskatt for å takle turistboomen, men kravet møter døve øyrer hos næringsminister Monica Mæland (H), skriv VG.

Ho avviser ny skatt og vil heller ikkje by på friske skattekroner. I staden ber ministeren kommunane ha næringsvett og ta initiativ sjølv. Ho oppfordrar kommunane til å byggje parkering, dusj og do-fasilitetar og ta godt betalt av turistane.

– Eg meiner ikkje at kommunar skal prioritere å byggje toalett framfor skular og sjukeheimar. Tvert imot, kommunane skal tene på reiselivet, både ved å gjere verdiskaping ut av det og lage heilårs arbeidsplassar, seier Mæland til avisa.

FNs turismeorganisasjonen (UNWTO) anslår at turiststraumen internasjonalt vil auke med 30 millionar kvart år. Innovasjon Noreg har eit reiselivsbudsjett på rundt 230 millionar kroner i året.