Mystiske sveletjuvar herjar sentralsjukehus

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skjønar ikkje kva som har skjedd eller kven som har tatt dei, seier Martinus Aamot Dahl, som er tilsett ved kafeen, til Firda.

Det første tjuveriet skjedde for om lag ein månad sidan. Då forsvann eit heilt fat med sveler frå kafeen. Nokre veker seinare forsvann nok eit fat med sveler.

– Det merkelege var at tjuveriet skjedde på same tid og stad som sist, seier Aamot Dahl.

Som om ikkje to tjuveri var nok, slo sveletjuven til ein tredje gong for nokre dagar sidan. Kafeen har no teke affære og legg færre sveler på fata enn dei gjorde tidlegare.

– Dessutan ser eg meg meir rundt etter mystiske folk i kafeen, seier Aamot Dahl lurt til Firda.