Fleire fyller feil drivstoff på bilen

Talet på bilistar som fyller feil drivstoff har auka med 50 prosent denne sommaren. Det kan fort bli ein kostbar affære.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opplyser NAF og Viking Redningstjeneste til Aftenposten.

–Av erfaring aukar feilfylling jo varmare det er i vêret, seier kommunikasjonsrådgivar hos NAF, Jan Ivar Engebretsen til Aftenposten.

– Etter det nye avgiftssystemet som kom i 2007 har feilfylling auka dramatisk. Noko av utfordringa er at familiar har to bilar, ein med bensin og ein med diesel, held han fram.

Også Viking Redningstjeneste har opplevd ein auke i talet på feilfyllingar.

– Det er fort gjort å ta feil pumpe når du har familiebilen fullpakka, er stressa og skal køyre langt i varmen. I juli og august har vi ein auke på 50 prosent i talet på feilfyllingar samanlikna med resten av året, seier økonomidirektør hos Viking Redningstjeneste, Marius Bruu til avisa.

Å fylle feil drivstoff kan fort bli ein kostbar affære. Reagerer ein raskt kan ein komme frå det med å betale kring 4500 kroner for å tømme tanken. I dei verste tilfella der det krevst reparasjon må ein ut med mellom 50.000 og 100.000 kroner.