Pokémon Go-festival enda med katastrofe

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Niantic, selskapet som har utvikla Pokémon Go-spelet, skulle markere eittårsjubileet og lansere ein ny pokémon, Lugia, under festivalen i Chicago i USA førre helg. Det gjekk ikkje som planlagt.

Mobilnettverka vart overbelasta alt før festivalen opna, og spelarane fekk ikkje kopla seg til spelet. Festivalen skulle vare éin dag, og venta 20 000 deltakarar.

Øvst i saka kan du sjå video av Tech Inside sin reportasje frå festivalen.

Arrangøren har gått med på å betale tilbake inngangspengane, og har gjeve deltakarane 100 dollar kvar, eller om lag 800 norske kroner, i verdiar inne i spelet. I tillegg får alle deltakarane ein Lugia utan å kjempe for han, skriv The Guardian.

Dei tilsette var sjokkerte og ønskte å gjere opp for seg så fort som mogleg, skriv nettstaden Polygon at ein talsperson har fortalt om kompensasjonen.

https://twitter.com/therealzef/status/888830668381319171

The Verge har publisert saka «Eg reiste til Pokémon Go-festivalen, og det var ei katastrofe», der ein journalist fortel detaljert om fiaskoen.

Dei som stod i kø på veg inn fekk ikkje høyre noko om problema, forsøka frå arrangørane om å roe gemyttane vart møtte med buing på publikum.

Niantic har opplyst til The Verge at problema var tredelte: Éin del er mobilnettverka, som er mobiloperatørane si skuld, og to delar er Niantic sin eigen feil. Det er to typar feil med spelet som gjorde at folk ikkje kom inn, eller at det krasja.