Gjekk viralt med hammartriks

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert på ryfylke.net.

– Det har tatt ganske greitt av. Det er fint det, det er jo ekstra merksemd for firmaet, seier Gøran Ringhagen.

Han er lærling i Byggmester Sondre Birkeland, og tidlegare denne månaden triksa han med hammaren medan ein sommarvikar filma det.

Trikset er å vippe hammaren ut av hammarfestet på arbeidsbuksa med hælen, ta imot hammaren med handa etter lufteturen den fekk, slå eitt slag, kaste hammaren opp i lufta igjen, og få den til å lande perfekt i hammarfestet igjen etter endå ein luftetur.

https://www.facebook.com/byggmestersondrebirkeland/videos/vb.1522004261433167/1724104824556442

 

Byggmester Sondre Birkeland ønska på si Facebook-side god helg med klippet, som hos dei er sett drygt 113 000 gonger, delt 250 gonger og kommentert 911 gonger.

Det var då Facebook-sida LADbible, som har drygt 26,5 millionar likarklikk og følgarar, plukka opp videoen førre måndag at det verkeleg tok av. Dei tre første døgna nådde videoen 2,7 millionar visningar, drygt 40 000 likarklikk, 6200 delingar og meir enn 17 000 kommentarar.

– Det er ganske sjukt. Me gjorde eigentleg bare det me fekk beskjed om, for Sondre sa me måtte filme det og sende det til han om eg fekk det til. Å både få den opp og inn i festet igjen får eg til kanskje éin av tjue gonger, så det var kult å treffe då me filma. Jobben blei gjort, forklarer 23-åringen.

Då Ryfylke torsdag møtte Ringhagen, prøvde han å gjere trikset igjen. På det tredje forsøket sat det igjen. Videoen av det ser du øvst i saka.