Fleire stortingskandidatar vil krevje skatt frå turistar som kjem til landet, for å kunne hjelpe små kommunar med å handtere ei stadig aukande tilstrøyming.
NPK-NTB
NPK-NTB

Listetoppane til SV, Raudt, KrF og Venstre i Nordland ønsker innføring av ein turistskatt, mens Sp og Aps listetoppar meiner staten må bidra meir for å avhjelpe problema den auka turiststraumen fører med seg for små lokalsamfunn. Miljøpartiet Dei Grøne ønsker andre verkemiddel, mens berre dei lokale listetoppane til Høgre og Framstegspartiet seier blankt nei, ifølgje VG.

Krava om ein eller annan form for tilleggsbetaling frå turistane er blitt aktualisert i sommar, som følgje av fleire nyheitsoppslag om toalett langs vegane som er ute av stand etter manglande vedlikehald, forsøpling og slitasje som følgje av turisme og sikkerheitsproblematikk ved spesielt utsette turistmål.

Skatten må komme turistane til gode

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), meiner at ein eventuell turistskatt må øyremerkast til å leggje forholda til rette for turistar.

– Om det blir innført ein eigen turistskatt må det vere ein klar føresetnad at pengane blir brukt til å leggje til rette for turistane, den må vere målretta, seier Tryggestad til NRK.

Turistbygda Geiranger, som ligg i Stranda kommune, kan på ein enkelt dag ha opptil 15 000 besøkjande. Til vanleg bur det 220 fastbuande i bygda,

– Eg trur ikkje skatt gjer at folk vel bort Geiranger. Vi opplever ein auke i talet på turistar år for år, og det er viktig at vi då kan ha eit tilbod og leggje til rette for den stadig aukande turiststraumen, seier Tryggestad til NRK.

Nestleiar i KrF, Dagrunn Eriksen, lovar turistskatt om partiet får viljen sin. Foto: KrF

KrF lovar skatt

Kommunane får overføringar frå staten som i stor grad er basert på talet på innbyggjarar. Det gjer at turistdestinasjonar som Lofoten kjem dårleg ut, sidan turistane brukar infrastrukturen utan at det gir pengar i kommunekassen.

I Nordland er derfor auka politisk styrke bak krav om turistskatt, og også på Vestlandet er det aukande støtte til forslaget, ifølgje NRK. Nordland-topp Dagrun Eriksen i KrF lovar å innføre turistskatt dersom partiet får makta etter valet.

– Sørpå har dei ikkje skjønt kor stor belasting Lofoten blir utsett for. Så også turistane må vere med på eit spleiselag, og då kan ein turistskatt til eit felles fond skaffe pengar til slik nødvendig infrastruktur, sa ho til NRK i kommentar til doproblema langs turistvegane.

Svekkjer konkurransekrafta

Regjeringa argumenterte med at Noreg allereie er eit høgkostnadsland då dei la fram reiselivsmeldinga i vår, og la vekt på at dei auka kostnadane ein ekstraordinær turistskatt inneber ville vere skadeleg for konkurransekrafta til norsk turistnæring. Også stortingsfleirtalet har vendt tommelen ned for å innføre turistskatt.

– Reiselivsnæringa må finne ein eigna måte å finansiere dette på sjølv. Dei har allereie levert gode løysingar i ulike samanhengar, skriv statssekretær Dilek Ayhan (H) i Nærings- og fiskeridepartementet i ein e-post til VG.

Kommentarar

ANNONSE