Geologar skal kartleggje sprekk i Preikestolen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NGU skal ta i bruk alle moderne målemetodar for å undersøkje Preikestolen i detalj. Det skal takast høgoppløyselege bilete frå helikopter og med drone. Dei skal òg skanne med laser frå forskjellige utsiktspunkt, både rundt Preikestolen og frå motsett side av fjorden. Sprekkane skal målast med ulike instrument og dei skal ta prøver av bergarten, skriv Stavanger Aftenblad.

Til sist skal dataa frå Preikestolen bli bearbeida av ein masterstudent frå NTNU. Studenten skal blant anna lage detaljerte høgdemodellar, altså 3D-modellar av overflata, og utføre ein stabilitetsanalyse.

– Det er ikkje vanleg at vi gjer så mykje. Vi ønskjer å teste ut ulike metodar for å lage høgdemodellar på Preikestolen. Vi har aldri brukt alle metodane samtidig og ønskjer no å samanlikne dei, opplyser Martina Böhme, forskar i NGU.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging av skredulykker. Det er på oppdrag frå dei NGU skal kartleggje store fjellskred og ustabile fjellparti i heile Noreg.