Hollywoodspeidarar har besøkt Vestlandet og dei er imponerte

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Begeistringa er enorm, seier Sigmund Elias Holm i Vestnorsk Filmkommisjon til Bergens Tidende.

Vestnorsk Filmkommisjon og fleire andre selskap var siste veke vertskap for fleire av dei mest kjende location-speidarane i USA. Holm fortel at det norske vertskapet la vekt på å visa fram dei mest spektakulære innspelingsstadane Vestlandet kan by på. Dei amerikanske filmfolka var oppglødde.

Briksdalsbreen i Stryn kommune. Foto: Jens Vinsrygg / Wikipedia

– Eg kjem til å tilrå Vestlandet på det sterkaste, seier Lori Balton som mellom anna har arbeidd med å finna innspelingsstader til filmar som Inception og Pirates of the Caribbean. Ho seier det er noko heilt anna å oppleva stadane og naturen enn berre å sjå dei på bilete, og slår fast at slike visingsturar er viktige for filmbransjen i Hollywood.

Den amerikanske locationspeidaren er likevel klar på at flott natur åleine ikkje er nok. Ho er tydeleg på at det også trengst gode økonomiske ordningar som lokkar filmbransjen til Noreg med skatte- og avgiftslette.

– Gode insentivordningar er heilt avgjerande, seier ho.

Noreg innførte ei slik ordning i fjor. I stadsbudsjettet for 2017 er det sett av 56 millionar kroner til den norske filmintensivordninga.