Statens vegvesen har 7.500 tilsette – men berre fem lærlingar
Fylkesråd skuldar Vegvesenet for ikkje å ta samfunnsansvar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart år står mellom 8.000 og 9.000 vidaregåandeelevar utan lærlingplass i Noreg, skriv NRK.
– Det er eit samfunnsansvar som ikkje vert tatt her, og det blir ganske openbert når Statens vegvesen med sine 7.500 tilsette i 2016 hadde fem lærlingar, medan dei i 2015 hadde sju, seier fylkesråd for utdanning i Nordland, Hild-Marit Olsen, til kanalen. Fylkesråden ønskjer at samferdselsministeren stiller krav til etatane sine om å ta inn lærlingar.
– Vanskeleg
Fungerande HR-sjef Marianne Holm Solhaug i Statens vegvesen Region Nord meiner derimot det er vanskeleg å skape lærlingplassar hos vegvesenet.
– Vi har ikkje så mange fagarbeidarar i Statens vegvesen i dag, og arbeidsplassane som er her krev høgare utdanning. Vi fokuserer på at dei som gjer jobbane for oss sørgjer for å ta inn lærlingar, seier ho.
Vil ha fleire kontor
Statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner løysinga er å leggje vekt på opplæringskontor i fleire fylke.
– Målsetjinga er å utvide ytterlegare over heile landet, seier Chaffey.