– Eg håper denne songen når ut til andre som står i ein kamp, seier artisten om «Praying».

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kesha har reist seg etter de langvarige konflikten med eks-produsent Dr. Luke. Foto: Sony Music

Den amerikanske artisten og låtskrivaren Kesha er i dag ute med singelen «Praying», den første ho har gitt ut på fire år. Høyr låten og sjå musikkvideoen øvst i saka.

«You brought the flames and you put me through hell, I had to learn how to fight for myself», syng ho i den sterke balladen, med tydeleg referanse til den langvarige konflikten hennar med eks-produsent Dr. Luke (Wikipedia).

Kesha skulda Dr. Luke for å ha misbrukt henne seksuelt, fysisk, verbalt og emosjonelt sidan samarbeidet mellom dei starta, men rettssaka har ikkje ført fram. Ei rekkje artistkollegaer gjekk ut med støtte for Kesha.

Fiona Apple wants to #FreeKesha

Et innlegg delt av Margaret Cho (@margaret_cho)

Den nye singelen kjem etter at Dr. Luke ikkje lenger er involvert i plateselskapet Kemosabe Records, som Kesha har kontrakt med. Songen er produsert av Ryan Lewis, og representerer ein ny start for artisten etter den harde striden.

På Facebook skriv ho at ho håper «Praying» kan vera til inspirasjon for andre som slit:

Rainbow er Keshas tredje album og kjem ut i august.

Songen er den første smakebiten frå albumet Rainbow, som kjem i august. Der samarbeider Kesha med alle frå Eagles of Death Metal via Ben Folds til Dolly Parton.

Kesha slo gjennom med superhiten «Tik Tok», som var den mestseljande singelen i heile verda i 2010. Ho er også kjend for «We R Who We R», «Timber» og «Die Young».

I tillegg til si eiga solokarriere har ho skrive songar for mellom andre Britney Spears, Ariana Grande og Miley Cyrus.