Her er det lov med nakenbading
Sommarvarmen har kome til landet og for dei som gjerne vil bade nakne er det ikkje berre å kaste seg uti kor som helst. Då må du finne riktig strand.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjå kvar du kan bade naken
I Noreg har vi 15 naturiststrender som ligg spreidd rundt om i heile landet, fortel NRK. Mange av desse strendene er offisielle, og her kan ein finne blant anna kommunale bad, og andre badeplassar som ein kan bade naken utan å få litt rare blikk:
– Glomstadbukta, Gjøvik.
– Hjertøya, Molde.
– Hoøya, Steinkjer.
– Huk, Oslo.
– Kalvøya, Sandvika.
– Kollevågen, Askøy.
– Kviljoodden, Lista.
– Langøyene, Oslo.
– Mauren, Ålesund.
– Orrestranda, Jæren.
– Roppestad, Larvik.
– Skåtangen, Tønsberg.
– Styrkjevika, Fyresdal.
– Svartkulp, Oslo.
– Søm, Kristiansand.
I tillegg finst det tre naturistsenter i Noreg: Isefjær i Aust-Agder, og Sjøhaug og Skovly i Østfold.