Tolv hundre skal i elden på Landskappleiken

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tida 5. til 9. juli skal Røros vere vertsskap for den nasjonale kappleiken. Deltakarane er fordelte over 400 startnummer i dei ulike klassene, skriv Folkorg i ei pressemelding.

– Røros har vist seg å vere svært stabile arrangørar av Landskappleiken og det er stas kvar gong arrangementet vender attende hit. Då veit ein at det blir bra, seier Ingrid Schei Stuhaug i Folkorg. Foto: Pixabay

Landskappleiken har hatt eit stabilt høgt deltakartal dei siste åra, og sjølv om startlista i år ikkje er like lang som i fjor, får ein likevel oppleve eit godt utval av folkemusikk og folkedans frå heile landet.

– Det er spesielt gledeleg at det i juniorklassane er god deltaking, slik det også har vore i åra før. Det er i tillegg ekstra artig med klassa Vokal B som har så mange som 26 deltakarar, seier Ingrid Schei Stuhaug, kappleiksrådgjevar i Folkorg.

Kongepokalen er i år sett opp i eliteklassa i dans hardingfele. Det er åtte år sidan sist gong han var sett opp i denne klassa. 22 dansepar skal konkurrere om den gjævaste pokalen, og laurdag kveld under Landskappleiken er det finale, der dei tre beste dansepara frå tevlinga får danse ein gong til.

Landskappleiken blei arrangert for første gong i Bergen i 1896, og er dermed den eldste festivalen i Noreg.