Miljødirektoratet foreslår å auke panten

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg samlar ti ulike retursystem inn det meste av drikkevareemballasjen. Ein stor del av boksane og flaskene har pant. I 2016 vart det samla inn rundt 1,1 milliard boksar og flasker med pant her i landet.

Returdelen er høg, men det er framleis drikkevareemballasje på avvege som vi finn att som forsøpling.

– Vi foreslår derfor å auke pantesatsane for flasker og boksar. Desse har ikkje vore justert sidan byrjinga av 90-talet, og den reelle verdien er om lag halvert. Vi trur dette vil bidra til auka innsamling, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet foreslo å auke pantesatsane i 2014 i samband med ein større gjennomgang av regelverket for drikkevareemballasje. No har Klima- og miljødepartementet bedt Miljødirektoratet om å sende forslaget om auka pant på høyring.

Miljødirektoratet foreslår ein pant på 2 kroner for flasker og boksar under ein halv liter, og 3 kroner for drikkevareemballasje over ein halv liter.

Det er også kome framlegg om at emballasjen skal merkast tydeleg med pantesats, som skal gjere det lettare for forbrukarane å skilje mellom flasker og boksar med og utan pant.