– Denne formasjonen er stramare

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Sunnhordland.

Den store snakkisen i helga har utvilsamt vore steinformasjonen Trollpikken. Laurdag formiddag oppdaga turgåarar at steinen var knekt tvers av.

– Eg blei fly forbanna, dette er kriminalitet og totalt uakseptabelt. Eg håpar dei som har gjort det, får seg ein smekk på fingrane, sa Bjarne Sigve Kverneland (47) frå Ålgård til VG.

Folk i Eigersund har hatt ønskje om å gjera Trollpikken om til ein turistattraksjon. Etter at steinen blei øydelagt har det komme i gang kronerulling for å få han plassert tilbake der han stod.

Natt til i dag var det komme inn nesten 140.000 kroner frå 878 gjevarar for å gjenreisa Trollpikken, ifølgje VG.

Jostein Waage i Brandasund i Bømlo kommune har sjølvsagt fått med seg nyhenda. Men han er ikkje imponert av det han har sett. Laurdag ettermiddag publiserte han eit bilete på Facebook-profilen sin. Motivet er ein steinformasjon som kan få oss inn på same assosiasjonar som snakkisen lengre sør i landet.

– Eg synest formasjonen i Brandasund er mykje stramare enn den i Eigersund, seier ein lattermild Waage til Sunnhordland.

I tillegg til å vera lærar, jobbar også Waage i turistnæringa. No håpar han at folk skal valfarta til øyriket for å få med seg «Brandasundpikken» frå nært hald.

– Eg trur spesielt kvinnelege turistar vil ha stor glede av dette. Eg lovar å vera guide, viss betalinga er god nok, smiler han.

Waage driv Brandasund kultur og fritid, og driv mellom anna med utleige av båtar.

Les meir på Sunnhordland.no