Dei snakka ikkje mykje om kjensler heime på garden. Difor skriv Brynjulf Jung Tjønn.
Den 36 år gamle forfattaren skriv om alt det sagde og alt det usagde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har innimellom prøvd å fjerne meg frå … det eg alltid skriv om, ler Brynjulf Jung Tjønn (36).
Han har kome fram til den erkjenninga at det eigentleg er adopsjon han skriv om heile tida.
Forfattaren sit ved kjøkkenbordet i rekkehuset på Ullevål Hageby, der han bur saman med kone og tre barn.
I eit glasskåp står ei dansk utgåve av barneboka Den finaste historia, som òg er selt til USA og Kina. I hylla under står ei tysk og ei ungarsk omsetjing av ungdomsromanen Så vakker du er, som vann Brageprisen i 2013.
Fredag er skrivedag heime i huset, og allereie no er Tjønn i gang med både ein ny ungdomsroman og ein vaksenroman.
Barn og vaksne
Barn-vaksen-relasjonen kan ein finne att i alle bøkene hans. Anten dei er skrivne for unge eller vaksne, handlar det om familiar som går i oppløysing på ein eller annan måte. I hans siste roman, Alt det lyse og alt det mørke (2017), handlar det om omsorgssvikt som forplantar seg gjennom generasjonar.
Interessa for desse relasjonane sporar 36-åringen tilbake til då han fekk sin første son i 2008. Det var då Tjønn for alvor fatta interesse for si eiga historie.
På ei reise til Sør-Korea fann han ut at han vart funnen på ein togstasjon som toåring. Før han vart adoptert til foreldra på Feios i Sogn og Fjordane, budde han eitt år på barneheim. Han hugsar ikkje noko frå sine to første heimar, men er oppteken av kva som skjedde med han i desse viktige barndomsåra.
– Fordi eg veit så lite, vert det å skrive om det, ein naturleg måte å nærme meg dei temaa på. Eg kjem aldri til å finne ut kva som skjedde med meg, difor trur eg at eg utforskar denne relasjonen mellom vaksen og barn i skjønnlitteraturen, forklarar 36-åringen.
Beatles
Han kom ikkje frå nokon litteraturheim, og på skulen hadde dei ingen skulebibliotekar som kunne vise veg blant hyllene. Difor var det først på ungdomsskulen at odelsguten frå den vesle bygda ved Sognefjorden oppdaga litteraturen. Vendepunktet vart då ein lærarpraktikant tipsa niandeklassingen om Beatles.
– Historia var veldig engasjerande, men eg var like oppteken av korleis Lars Saabye Christensen skreiv: Korleis han skildra personane og klarte å få lesaren til å bli oppslukt, minnest Tjønn, som tok med seg eit par knep inn i skulestilane sine.
Men om du trur at forfattaren berre fekk toppkarakterar på novellene sine, tek du feil. Tjønn minnest at han hadde kjensla av at skulestilane i hovudsak dreidde seg om rettskriving og det å følgje ein formel. På vidaregåande fann han samtidslyrikken, der alle desse reglane vart brotne, og allereie i 17–18-årsalderen sende han inn sine første dikt til eit forlag.
– Heile dette forlagsgreiene var så fjernt for meg. Hadde eg visst kor seriøst det var, hadde eg kanskje ikkje våga, ler Tjønn, og legg til:
– Slik er ein kanskje når ein er ung, at ein er litt uredd på den måten.
– Eg hugsar så godt korleis eg hadde det som 15-åring.
Identitetsår
Utanom skrivinga var Tjønn ein beskjeden tenåring, som hadde behov for ytre stadfesting på at han hadde noko litterært å fare med. Det har han no fått i form av prisar, omsetjingar og gode meldingar. Så vakker du er har allereie vorte sett opp av Sogn og Fjordane teater, og etter nyttår skal forfattaren igjen reise rundt og snakke til ungdommar i heimfylket. I desse dagar jobbar han nemleg med ein ny forfattarturné med stikkorda språk og identitet.
Det siste er noko Tjønn til tider har slite med, særleg når han merka at folk kommenterte utsjånaden hans.
– Det kunne vere ting som at folk byrja å snakke til meg på engelsk og spørje kor lenge eg har budd her, utan at det er vondt meint. Men spesielt i tenåra og første halvdel av tjueåra syntest eg det var veldig sårt, fordi ein lurer på kva folk tenkjer og er usikker på kven ein er, minnest han.
Som ungdomsbokforfattar er han oppteken av å ta lesaren på alvor, og bruker ofte eigne tankar og kjensler.
– Eg hugsar så godt korleis eg hadde det som 15-åring. Kjenslene og kva tankar eg hadde om livet. Så spørst det kor lenge det er relevant. Eg kjem aldri til skrive ein ungdomsroman der det er mykje fancy teknologi, seier Tjønn, som likevel reknar med at kjensler er såpass universelt at det vil vere relevant for komande generasjonar også i åra som kjem.
Farvel til bokmålet
Det nynorske språket er ein stor del av forfattaren sin identitet, men heller ikkje her har vegen vore bein. Det hender at Tjønn får kjeft for å skrive bokmålsnært og velje ord som noe, men det er ingenting samanlikna med då han i 2008 skreiv innlegget Farvel til nynorsken i Aftenposten.
Etter det kom eit par bøker på bokmål, før han bytte tilbake.
– Eg skulle ynskt eg berre hadde skrive nynorsk heile tida. Kinamann hadde vore noko heilt anna på nynorsk, samstundes er eg glad eg har den erfaringa og trur at det berre forsterkar kor viktig nynorsken er for skrivinga mi, seier Tjønn, som medgjev at det å nå ut til fleire faktisk var ein del av motivasjonen for å verte bokmålsforfattar.
No har han konkludert med at han aldri blir millionær på skrivinga, men det ikkje er noko mål heller.
Han vil berre at det skal vere bra, og meiner sjølv at han skriv mykje betre på nynorsk. I tillegg har han landa på at det er den målforma som passar best til temaa og skrivestilen hans.
– Nynorsken er liksom ein del av meg, fordi eg har vakse opp med han, seier Tjønn.
I dag har han landa på ein litt meir konservativ nynorsk enn tidlegare, som framleis er krydra med litt bokmålsord. Det er fordi forfattaren sjølv knotar og er oppteken av å skrive talemålsnært.
– Eg likar kontrasten. Det er litt stygt, på ein måte. Og fordi eg skriv om litt tunge, mørke, dystre ting, likar eg at det er nokre falske tonar der, forklarar han.
Sjølv om han skriv raskare på bokmål, meiner han at det vert meir preglaust.
– Inni hovudet mitt er nynorskstemma og det er det som kjem ut. Eg veit ikkje heilt kva som føregår i hovudet mitt når eg skriv bokmål, men det går nok ikkje gjennom same refleksjonskverna i hovudet mitt. Eg tenkjer ikkje like mykje, så eg mistar eitt eller ann der, grunnar Tjønn.
Teksten stod først på trykk i Norsk Tidend 3/2017.
Fakta
Brynjulf Jung Tjønn (1980)
Journalistutdanning frå Høgskolen i Oslo og Akershus
Bokmeldar i VG, redaktør i litteraturtidsskriftet BLA, nettredaktør for NBU (Norsk barne og ungdomsbokforfattarar) og har delvis permisjon frå stillinga si som nettredaktør i Den norske kyrkje
Sit i Det litterære råd for norske barne og ungdomsbokforfattarar
Debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske på Samlaget
Fekk Brageprisen i 2013 for ungdomsromanen Så vakker du er
Aktuell med Alt det lyse og alt det mørke (2017) på Cappelen Damm