Fiskaryrket får 15 nye rekrutteringskvotar
For å styrke trenden med at ungdom søkjer seg til fiskaryrket, vil fiskeriminister Per Sandberg lyse ut inntil 15 nye rekrutteringskvotar for 2018.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sjømatnæringa treng kompetente unge fiskarar, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.
Difor er det bestemt at inntil 15 nye rekrutteringskvotar for 2018 skal lysast ut. Dette er ein auke på 50 prosent frå året før.
LES OGSÅ: Trur meir på fisk enn olje
Talet på fiskarar i Noreg auka frå 11.130 til 11.244 frå 2015 til 2016. 40 prosent av dei nye fiskarane var under 30 år. Rekrutteringskvotane er meint for dei som er under 30 år og eig fartøy. Fem av dei 15 plassane skal gå til dei med lengst dokumentert fartstid, medan dei ti siste plassane vil bli fordelt etter same rangeringsliste som i 2016.
– Dette blir gjort for å passe på at fiskarar med lang fartstid og erfaringsbasert kunnskap blir sikra ein større del av rekrutteringskvotane som blir lyst ut, seier Sandberg.
Nærings- og fiskeridepartementet har sidan 2009 lyst ut nye rekrutteringskvotar til unge fiskarar. Målet er å gjere det lettare å etablere seg som fartøyeigar og å sikre rekruttering til fiskaryrket.