Toppleiarar trur meir på fisk enn olje
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Leiarar: Trur meir på fisk enn olje
Havbruk og fiske tatt over plassen til olje og gass som den næringa bedriftsleiarane på Vestlandet trur blir den dominerande i landsdelen i framtida.
Det viser Vestlandsindeksen, der Sparebanken Vest har spurt 700 bedriftsleiarar på Vestlandet om kva tre næringar dei ser for seg blir dei viktigaste om tretti år.
I 2013 plasserte 62 prosent av bedriftsleiarane olje, gass og offshore på topp, mens 44 prosent såg havbruk og fiske som ei av dei tre viktigaste næringane tretti år fram i tid. I Vestlandsindeksen for første kvartal i år er rollene bytte om: 42 prosent trur no olje, gass og offshore er blant dei tre, mens 65 prosent trur på havbruk og fiske.
– Denne utviklinga kan no i stor grad forklarast med at bedriftene i dag er farga av den noverande situasjonen når dei skal spå om framtida. Krise i oljeindustrien på den eine sida og rekordprisar og jubelår innanfor havbruk og fiske på den andre blir fort sjølvoppfyllande profeti, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest.
Ein av fire trur no at vasskraft og bølgje- og vindkraft blir ei av dei viktigaste næringane om tretti år, mot berre halvparten så mange for fire år sidan.
(©NPK)