Harry Styles kjem til Noreg!

Grunna enorm etterspurnad har Harry Styles lagt til 56 nye datoar på sin utselde verdsturné. Stjerna er med det klar for Noreg og Oslo Spektrum 21. mars neste år!

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.06.2017 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første delen av turnéen blir sparka i gang allereie i september, og Styles besøkjer ei rekke intime scener over heile verda. Andre del startar i Basel i mars 2018, og blir avslutta i Los Angeles i juli.

Harry Styles’ sjølvtitulerte debutalbum, som blei sluppen i mai, segla rett inn på topplistene verda rundt. I USA toppa albumet Billboard 200 med over 230 000 digitale- samt 193 000 fysiske eksemplarer solgt. Dette tilsvarer ny rekord for ein britisk, mannleg artist i lanseringsveka, sidan Nielsen Music først starta å rapportere salget i 1991. Også internasjonalt har Harrys solodebut hatt massiv suksess, og albumet har gått #1 i over 20 land, inkludert Storbritannia, Canada, Australia, Holland og Belgia, samt flere stader i Sørøst-Asia og Midtøsten.

Billettar leggjes ut for sal på fredag, 16. juni.

LES OGSÅ: “Justin Bieber syng som ei jente”