Bjørnsonstipendet 2017 til Marianne Celementine Håheim

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marianne Celementine Håheim frå Jølster får Bjørnsonstipendet 2017. Stipendet på 25.000 kroner blir delt ut under opninga av Bjørnsonfestivalen i Molde 6. september.

Bjørnson-stipendet går til ein forfattar det er grunn til å knytte betydelege forventningar til, skriv Bjørnsonsfestivalen på eigne nettsider.

«Svart belte» frå 2015 er den siste boka til Marianne Clementine Håheim. Oktober forlag.

– Med romanen Svart belte set Håheim ord på noko som ikkje alltid er så lett å snakke om, sjukdommen anoreksi, seier Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.

– Det er både vondt å lese og detaljert skildra, men desto viktigare at det blir lest, seier Stensen vidare.

– Norske forfattartalent fortener plass og taletid i offentlegheita og vi vil gjerne bidra til dette, seier Johild Kosberg Bredin, festivalsjef for Bjørnsonfestivalen.

Marianne Clementine Håheim (f. 1987) debuterte med Bilydar i 2012 og blei kalla rockepoet. Svart belte er Håheims første roman. Tidlegare vinnarar av stipendet er mellom andre Karl Ove Knausgård og Ida Hegazi Høyer.