Ragnhild Sofie Selstø er ny journalist i Framtida.no

Skal mellom anna jobba med Fritt Ord-støtta prosjekt om identitet i stortingsvalet.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ragnhild (25) er ny journalist i Framtida.no

Ragnhild Sofie Selstø (25) frå Sandnes hadde tysdag 6. juni sin første dag på jobb som ny journalist i Framtida.no.

Selstø har ein mastergrad innan kinesisk politikk og samfunn, og har tidlegare skrive for mellom anna Universitas, Sandnesposten og Stavanger Aftenblad.

– Eg ser fram til å skriva for engasjerte ungdomar, og fremja nynorsken i det norske mediebiletet, seier Selstø, som mellom anna vil bidra til utanriksdekninga i nettavisa med sin Kina-kompetanse.

– Kina får ein meir og meir viktig posisjon i verda, og eg ønskjer å følgja den politiske utviklinga i landet frå dei unge sitt perspektiv.

Støtte frå Fritt Ord
Saman med resten av redaksjonen skal Selstø også jobba med eit prosjekt om identitet som konfliktline i stortingsvalet.

Stiftinga Fritt Ord har løyva 90.000 kroner i støtte til prosjektet, som skal undersøkja tydinga av identitetspolitikk i den norske stortingsvalkampen.

– Kor mykje betyr identitet for det politiske valet til unge veljarar? Kan identitet vera viktigare enn økonomisk politikk? Me vil undersøkja korleis unge ser på identitet i ulike deler av landet, seier Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker.

Han er glad for å få med seg Ragnhild Sofie Selstø i redaksjonen.

LES OGSÅ: Så mange las Framtida.no i 2016