Her klatrar Håvard i ei av dei tøffaste klatrerutene i landet – i russedress!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.

– Eg tenkte at det kunne vera eit litt artig stunt, seier Håvard Helgesen (18), stortalentet frå Sogndal.

Det var tidleg i mai at han tok med seg russedressen for å prøve seg på ei av rutene han har jobba lenge med på klatrefeltet på Kvam i Sogndal. Ruta er gradert til 8c etter den franske skalaen, noko som på klatrespråket betyr «grisevanskeleg».

– Det er ei av dei hardaste rutene i Norge, seier Helgesen. Og forklarer kvifor:

Håvard Helgesen (18) er siste års junior, men allereie i norgestoppen i klatring.

– Det er dårlege tak og ruta følgjer eit riss du må kila fingrane inn i, noko som er veldig vanskeleg sidan ho er overhengande. I tillegg er det vanskelegaste partiet, cruxet, heilt i toppen og langt over bakken, så du er bra sliten når du kjem opp der, seier Helgesen.

Les også: Råsterk klatreprestasjon av Håvard (17) frå Sogndal

Lummert under rekordforsøket

​Stuntet med russedressen holdt på å ende i suksess, men den unge sogndølen glapp taket i det vanskelege partiet heilt på toppen. Grunna regn og dårleg vêr skulle det gå tjue dagar før han fekk eit nytt forsøk.

Rett nok utan russedress, men i vanskelegare forhold på grunn av det lumre vêret. Sjå video nedst i saka.

– Den dagen var det sig på nokre av taka, så eg klatra først opp og kalka så dei skulle vere tørre, fortel Helgesen.

Det var planen, men på veg opp merka han at fukten igjen hadde rokke å lage krøll.

– Eitt tak var blitt kliss blautt, så eg måtte stoppe og kalke det opp på nytt. Det krevde veldig mykje krefter, seier Helgesen.

– Det er lite som slår den kjensla når du greier ei vanskeleg rute du har jobba lenge for

– Lite som slår den kjensla

Då han passerte persen frå tidlegare merka han at den ufrivillige stoppen hadde tatt på. Men med ei siste anstrenging fekk han karra seg opp og festa tauet i ankeret som markerer toppen på ruta.

– Det er lite som slår den kjensla når du tek deg heilt ut og greier ei vanskeleg rute du har jobba lenge for. Eg veit ikkje om nokon andre tilfelle der eg kan føla det samme, seier Helgesen.

Truleg er han den yngste i landet sidan klatrelegenda Magnus Midtbø til å klatre til topps på ei rute med den tøffaste graderinga i Norge. Og det rett etter russetida.

Sjå video:

Les meir på Porten.no!