Blei møtt av ellevill jubel då han sykla i mål etter 11 mil.

Ingvil Bakka, Ryfylke
Ingvil Bakka, Ryfylke

Saka er henta med velvilje frå Ryfylke.

Det var ingen tvil om kven som var den største vinnar i sykkelrittet Haugesund-Sauda under Saudadagane sist helg.

Team Brede, med 26 år gamle Brede Svendsen i spissen, suste over målstreken i Rådhusgata like før klokka 14.30, til ellevill jubel frå publikum. Gratulantane stod i kø, og mange var rørt til tårer over den store prestasjonen. For, det seier seg sjølv at det å sykla med alt ein har av krefter i fem-seks timar er langt meir imponerande enn ritt-vinnarane, som ”bare” var på sykkelsetet i drygt to og ein halv time.

Hovudpersonen sjølv, som har Downs syndrom, var tydeleg stolt over å ha klart målet sitt.

– Det gjekk heilt greitt. Men det var verst opp frå Kvaløy. Og, ja, det var kjempekjekt å sykla i mål, seier han smilande til Ryfylke.

At Brede sitt løp var dagens mest imponerande herska det ingen tvil om. Lagkameratane hans, Gunn Bastlien og Paul Kåre Handeland frå Frisk & Rask treningssenter fortel om ein kar som måtte langt ned i kjellaren for å henta fram kreftene sine.

– Han har nok vore langt meir sliten enn me andre nokon gong har vore. Det vitnar om ein enorm vilje og styrke, seier Handeland.

Brede har alt varsla at han også vil stilla til start neste år.

Les meir på ryfylke.net!

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 12.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE