Desse nyfødde elgtrillingane er for bra for denne verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 12:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trillingfødsel på Langedrag

Saka er henta med velvilje frå Hallingdølen.

Natt til onsdag skjedde mirakelet.

– Det var heilt magisk, seier dyrepassar Anne Grete Lindvik ved Langedrag naturpark.

Lindvik var oppe ved halv tre om natta for å sjå til Ea.


Klokka halv fem på morgonen kom den fyrste elgkalven. Foto: Gro Irene Saugerud.

Fødselen nærma seg, men då hadde det enno ikkje skjedd noko. Klokka halv fem var derimot fødselen i gang.

– Då var det fødd ein kalv og neste var på veg. «Wow», tenkte eg. Her blir det tvillingar. Men så kom det jammen ein til, seier Lindvik på telefon frå elghegna på Langedrag, der ho er saman med dei fire elgane.

Dei tre kalvane er ei kvige og to oksar. For Lindvik er trillingfødselen spesiell. For ho har nærast vore reservemamma til Ea etter at mora Svea døydde for to år sidan. Då var Ea eitt døgn gamal. No fekk ho sjølv kalvar.


Ea og dei tre kalvane hennar slappa av i hegna onsdag. Kalvane, som ikkje har fått namn enno, er dei første Ea får. Foto: Gro Irene Saugerud

– Det er spesielt at det er dei første kalvane hennar. Då får dei gjerne éin. Det gjeld også ute i naturen. Når dei blir eldre, får dei gjerne to.

– Og trillingar?

– Trillingfødsel har me aldri opplevd. Det er sjeldan ute i naturen også. Dette er unikt, seier Lindvik.

Og som om ikkje det var nok. Sundag vart det også fødd tvillingar. Mora er Elgvita som har vore på Langedrag i ni år.

– Fem elgkalvar på tre dagar er utruleg, seier Lindvik, som går spennande dagar i møte.

– No får me sjå om dei klarar seg, og om Ea klarar å fø tre kalvar.

Sjå film frå fødselen:


Onsdag føremiddag fekk Ea ekstra med kvist av rogn, selje og bjørk for å få inn bra med næring til mjølkeproduksjon.

– Alle har fått mat. No har mor og dei tre kalvane slappa av, og eg har fått lov til å slappe av saman med dei, seier Lindvik.

Les heile saka og sjå fleire bilete på Hallingdolen.no!