Ny Olaug Nilssen-roman til hausten

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få meg på, for faen-forfattar Olaug Nilssen (39) er til hausten klar med sin første roman på 12 år, skriv Dagbladet i dag. Ifølgje avisa skal boka vera inspirert av livet med sonen Daniel (9), som har diagnosen regressiv autisme.

Nilssen har dei siste åra engasjert seg i samfunnsdebatten med kronikkar om sorteringssamfunnet og hjelpetilbodet for born med funksjons- og utviklingshemmingar. No gjer ho altså erfaringane frå familielivet og møtet med helsevesenet til litteratur.

– Eg har ikkje skrive ein rapport om alt me har vore gjennom. Det er meir ei erkjenningsreise. Eg synest det er ei kjærleikshistorie, seier forfattaren i intervjuet med Dagbladet.

Ho fortel at boka blir meir personleg og politisk enn romanane ho har skrive tidlegare.

– Eg har vore oppteken av at det skal ha litterær kvalitet. Men det politiske har vore viktigast. Med dei tre første romanane mine var eg meir oppteken av formeksperiment og litteraturteori. Eg er ikkje flau over dei og meiner ikkje at det er eit dårleg utgangspunkt. Men eg føler at denne boka er viktigare. Eg synest ho er litt grensesprengande i kor langt ho går i skildringane, seier Nilssen.

Me intervjua Olaug Nilssen då «Få meg på, for faen» hadde filmpremiere: – Det har blitt ein skjønn film!


Faktaboks

Olaug Nilssen (f. 1977 i Førde) er forfattar og dramatikar, busett i Bergen.

Debuterte med «Innestengt udyr» i 1998. Romanen «Få meg på, for faen» frå 2005 har blitt gjort til teater og film.

Også kjent for bøker som «Kjøkenbenkrealisme» og «Nesten frelst av Sigvart Dagsland» samt dramaet «Stort og stygt».

Regressiv autisme er ein type autisme der utviklinga i ein peiode går tilbake.