Medaasprisen til Vamp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er glade for å dela ut Medaasprisen til eit av dei finaste og viktigaste banda vi har i norsk visetradisjon i dag, seier styreleiar i Medaasprisen, Claus Sellevoll, i ei pressemelding.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt.

Blant tidlegare vinnarar finn me mellom anna Jan Eggum, Salhusvinskvetten og i fjor Sigrid Moldestad.

Sine eigne vegar
Sellevoll meiner at Vamp, på same måte som Ivar Medaas, har turt å gå sine eigne vegar.

– Dei er genuint opptekne av røtene sine, av havet, av kystfolket og har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk. Eit uttrykk som verkeleg treff den norske folkesjela. Og så syng dei på morsmålet sitt, på Haugesund-dialekten, som er ein viktig signatur for gruppa, seier Sellevoll i pressemeldinga.

Sidan debutalbumet Godmorgen, søster i 1993 har Vamp vore ein suksesshistorie i norsk musikkliv. Plata inneheldt mellom anna duetten Tir n'a Noir, som vart sunge av dåverande vokalist Jan Toft saman med Rita Eriksen. Øyvind Staveland sett tonane til diktet av Kolbein Falkeid, som i dag er ein av bandets mest kjente songar.

Over  éin million plater
Til no har 10 studioalbum og utgjevingar 14 totalt vorte premiert med fem Spellemann-prisar. Til saman har bandet, som vart Årets Spellemenn i 2007, selt over éin million plater.

Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 6.november 2017. Då vert det festkonsert med bandet sjølv og Eivør Pálsdóttir frå FærøyaneElisabeth Moberg, Sigurd Sele og Stanley Jacobsen. I tillegg kjem komikar Per Inge Torkelsen.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000,-

Faktaboks

Norsk visepopgruppe frå Haugesund som i 2007-14 var sett saman av Øyvind Staveland (f. 1960), fiolin, bratsj, fløyte og trekkspel og song, Torbjørn Økland (f. 1964), gitar og mandolin, Carl Øyvind "Calle" Apeland (f. 1964), bass, gitar og keyboards, Paul Hansen (f. 1980), song og gitar, Odin Staveland (f. 1985), keyboards, perkusjon og sang.

Vamp blei starta i 1991 og har hatt tre faste vokalistar: Jan Ingvar Toft (1991-99), Vidar Johnsen (1999-2007) og Paul Hansen (2007-).

I 2007 vart Vamp kåra til Årets og har fått fem Spellemann-prisar (1993, 1995, 1997, 2005 og 2006)

Alle Vamps album har nådd Topp 20, dei fleste Topp 10.

I juni 2014 trakk Apeland, Økland og Hansen seg frå Vamp og danna trioen Blest. Dei blei erstatta av Bjørn Berge (gitar, banjo) og Kjetil Dalland (bass). Toft forsette som vokalist saman med Odin Staveland, som er son av Øyvind Staveland.

Hausten 2015 kom det listetoppande albumet Populas. No var Lars Erik Støle (orgel, trekkspel) blitt fast medlem.

Kjelde: Store norske leksikon

http://www.vamp.no/