Fråværsgrensa fungerer, men treng forbetringar, meiner Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Framstegspartiets Ungdom.

– Ei svært viktig sak for oss på FrP sitt landsmøte, var gjennomslag for ein ny skulepolitikk med mindre kontrollstyring av elevane, seier formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) Bjørn-Kristian Svendsrud på telefon til Framtida.no.

Tidlegare i mai vedtok FrP sitt landsmøte sitt handlingsprogram for 2017-2020, der dei mellom anna går inn for at yrkestittelen «lærar» vert ein beskytta tittel for dei som har godkjent fagleg og pedagogisk utdanning. Svendsrud forklarar at partiet vil at utvikling av læreplanar skal styrast av fagfolk ved utdanningsinstitusjonar, og ikkje av politisk synsing.

– Fråværsgrensa fungerer
Den noverande Høgre- og FrP-regjeringa innførte hausten 2015 ein regel som gjer at elevar kan miste retten til vurdering i eit fag om dei har meir enn 10 prosent ugyldig fråvær. Denne såkalla «fråværsgrensa» har møtt mykje motstand frå elevar, medan skulane rapportere om høgare oppmmøte til timane.

– Fråværsgrensa fungerer, men den har sine manglar, seier Svendsrud.

Han forklarar at partiet meiner at fråværsgrensa er rett verktøy, men at det er behov for endringar. FpU meiner at helsesøster må få kunne skrive ut sjukemeldingar til elevane, at den obligatoriske delen av køyreopplæringa bør gi gyldig fråvær, og at gyldig fråvær grunna politikk eller idrett bør aukast til 20 dagar, forklarar Svendsrud.

LES OGSÅ: «Alt vi trudde kom til å skje med fråværsgrensa, skjer»

Mot hijab, for skulegudsteneste
FrP vil også innføre eit forbod mot hijab i grunnskulen, og samtidig pålegge skulane å arrangere skulegudsteneste. Svendsrud understrekar at dei to vedtaka ikkje handlar om å gå imot religionsfridomen til folk.

– Vi meiner det er fornuftig at ingen vert pressa til å bruke hijab i grunnskulen, men vi seier ingenting om vidaregåande skule. Vi vil heller ikkje presse kristen tru på elevane, men gjere det obligatorisk for å skulane å organisere skulegudsteneste, slik at alle elevane får tilbod om det. Det er ikkje tvang for elevane å delta, seier Svendsrud.

Mindre byråkrati i skulen heng tett saman med FpU sitt syn på reglar og detaljstyring, og påverkar også synet på Noreg si rolle i verda.  

– Vi fekk FrP med på å seie nei til norsk EU-medlemskap. Det er ei sak som har modna i partiet, og vore ei stor og viktig sak for FpU sidan 2014. Vi er for fri handel, men er ueinig i retninga med meir detaljstyring som EU har gått dei siste åra, seier Svendsrud.

– Vi går for dei andre rundt om i verda
Store skilnadar mellom Noreg og andre stader i verda er også synleg i situasjonen for LHBT-personar. Noreg, med Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) i spissen, vart nyleg kåra til Europas nest beste land for LHBT-personar. Samstundes kjem det rapportar om at homofile menn i Tsjetsjenia og Indonesia vert torturert og drept.

– Å elske ein annan person er ikkje kriminelt, seier Svendsrud, og beskriv situasjonen om vanskeleg å forstå.

Han håpar at sommarens Pride-festivalar vil bidra til å sende eit signal om at Noreg ikkje aksepterer det som skjer mot LHBT-personar rundt om i verda.

– Vi går jo i paraden fordi vi ønsker å gi eit signal om at du kan elske den du vil. Vi går for dei andre rundt om i verda som ikkje har dei same rettane som vi har her i Noreg.

Satsing på skulevalet
Etter sommaren er det klart for innspurt i valkampen, der skulevala er eit viktig satsingsområde for ungdomspartiet.

– Vi er ikkje ferdige med å styre Noreg. Eg har trua på at vi skal få eit tydeleg mandat frå folket i september.

Han trekk fram debattkursing for lokale ungdomspolitikarar som ein av hovudaktivitetane, der dei viktigaste sakene er skule, helse, eldre, samfunn, innvandring og skattar og avgifter.

– Ikkje klima?

– Klima er viktig, men det er ikkje ei av hovudsakene våre for skulevalet, nei.

– Kva synest du forslaget om å fase ut norsk oljeindustri innan 15 år?

– Det er urealistisk og naivt ambisiøst. Eg trur Noreg kjem til å vere ein viktig olje- og gassprodusent i mange år framover, og då er det viktig at olje og gass-industrien vert meir miljøvenleg, avsluttar Svendsrud.

LES OGSÅ: – Vi skal ha det artig mens vi reddar verda, seier Grøn Ungdom-talsperson


Talsperson for Grøn Ungdom, Ola Eian, ser fram til å jobbe mot at MDG skal få fem prosent av stemmene ved stortingsvalet i haust. Foto: Grøn Ungdom / Facebook

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE