Kjempar mot nettrolla

– Me skal svara dei som skriv stygge kommentarar på nettaviser og i sosiale medier, seier Emilie Haugstad.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Tysnesbladet.

Ho er ein av ambassadørane i kampanjen Stopp Hatprat, der ungdommar frå heile landet engasjerer seg mot hatprat og for menneskerettar på nett.

– Me vil bidra til at det blir færre stygge kommentarar på nettet, og har planlagt at me skal svara på dei som skriv hatefulle ytringar på Facebook og i nettaviser, seier Haugstad.

– Me skal svara dei med vår eigen Facebook-konto, men skriva hashtag Stopp nettprat, for å visa at det er ein del av kampanjen, seier ho, som går i 10. klasse ved Tysnes skule.

Søkte om å bli med
Kampanjen er ein del av den europeiske No Hate Speech Movement, ei rørsle starta av Europarådet si ungdomsavdeling i 2013, som i dag har kampanjekomitear i over 40 land. Haugland synest arbeidet såg interessant ut, og søkte om å bli ambassadør i vår.

– Eg er politisk engasjert, og tenkte at eg kan forsvara dei som ikkje tør å svara på hatefulle ytringar sjølv, seier Haugstad, som er aktiv i Framstegspartiet sin ungdomsorganisasjon (FpU).

Fyrste møte blant dei nye ambassadørane gjekk føre seg for nokre månadar sidan.

– Møtet gjekk også med på å planleggja kva dei skal gjera resten av året og til å bli kjent med kvarandre. Neste samling er i juni, forklarar ho.

Engasjert i politikken
Haugstad har vore politisk interessert så lenge ho kan hugsa, men melde seg fyrst inn i FpU i byrjinga av året.

– Hjartesaka mi er eldrepolitikken. Eg synest det er viktig at dei eldre har det bra. Dei har bygd landet, og fortener ein god alderdom, seier ho, som også er oppteken av likestilling.

LES OGSÅ: Slik møter du nedsettande ytringar på nett


– Det er vanskeleg for meg å la hatprat stå uimotsagt, seier Marie Eikland (26), her saman med kampanjekoordinator Eirik Rise (30). Foto: Åsmund H. Eikenes