Full jubel for kongeparet på 80-årsfesten

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag feira kongen og dronninga at dei begge fyller 80 år i år. Det braut ut full jubel og klappsalver då kongeparet med barna og barnebarna kom ut på slottsbalkongen.

Det norske koret Soul Children song av hjartans lyst og skapte ei hjarteleg stemning både for kongelege og folket som var møtt fram.

Kongeparet og resten av familien såg sterkt rørt ut der dei stod på balkongen.

Dritgode
Skodespelar Bjarte Hjelmeland heldt ein svært varm og humoristisk tale for kongeparet. Der gjorde han mellom anna eit poeng av at kong Harald var fødd inn i rolla.

– Som skodespelar er eg glad det ikkje fungerer slik i mitt fag. Sjansen for å bli god i ein jobb ein er fødd inn i, er forsvinnande liten. Derfor er det dobbelt fantastisk at kongen og dronninga er så dritgode til å vera konge og dronning, sa han humoristisk – og til stor latter.

– Alle synest jo dei er gode, sjølv motstandarane av kongehuset, meiner jo det, la Hjelmeland til.

Han meinte at nordmenn flest er svært glade og stolte over kongen og dronninga.

Strekkjer seg
Årsaka til populariteten er at kongeparet strekkjer seg mot folket sitt, meinte Hjelmeland.

Dessutan er ikkje kongeparet nokre vêrhanar, men tek tydelege standpunkt. Dei viser engasjement og er svært inkluderande.

– Talane deira går rett i hjarta på folk, streka skodespelaren under. Han gjorde også eit poeng av at kongeparet er utrulege gode på å vera naturlege saman med vanlege folk.

Etter hyllesttalen braut folket på plassen ut i bursdagssongen «Hurra for deg». Omgjevne av dansande og leande barn og barnebarn, og kongeparet såg om mogleg endå meir rørte ut.

Bursdagsdansen til kronprins Haakon blei raskt ein hit i sosiale medium: